Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over alle riksvegferjesamband i landet der det syner bemanning pr ferje, samt kva antall skift som høyrer til dei ulike ferjene/ferjestrekningane også der det er fleire ferjer på same ferjestrekning?
Begrunnelse
Ferjedrifta landet rundt har utfordringar ang å skaffe nok mannskap til sine ferjer, og det er tilfeller der avgangar må innstillast med bakgrunn i mannskapsmangel.
Staten har ansvaret for riksvegferjene som også er av landets største ferjestrekningar, der ferjene er ein viktig del av riksvegnettet som folk fles og næringslivet er totalt avhengige av.