Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:881 (2023-2024)
Innlevert: 09.01.2024
Sendt: 10.01.2024
Besvart: 17.01.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hvordan stiller ministeren seg til at Bufdir nå tar tilsynelatende politiske avgjørelser rundt adopsjon, og er en potensiell full stopp av utenlandsadopsjon før en offentlig gransking foreligger ønsket fra departementet sin side?

Begrunnelse

I den siste tiden har utenlandsadopsjon vært i medias søkelys. Dette har resultert i at Barne- og familiedepartementet har bestilt en gransking som skal gjennomgå utenlandsadopsjoner fra omtrent starten av 70-tallet og til nå for å undersøke om norske myndigheter, og med dette spesielt Bufdir har hatt kontroll. Nylig har også BFD gitt beskjed til Bufdir om å gjennomgå alle formidlingstillatelsene, dvs. de internasjonale avtalene om adopsjon mellom Norge og 11 andre land.
Mellom november og desember i fjor har Bufdir enten inndratt formidlingstillatelser eller stanset adopsjon for nye søkere for totalt 5 land, de siste 6 landene skal vurderes nå. Konsekvensene for internasjonale relasjoner, familier i adopsjonsprosess og for barn hvor mange har fått beskjed om at de har fått familie i Norge er alvorlige og uoversiktlige.
Dette ser fra utsiden i praksis ut som at Bufdir bedriver politiske handlinger for å stoppe utenlandsadopsjon, for å komme den varslede offentlige granskingen i forkjøpet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er samd med spørsmålsstillaren i at det den siste tida har vore uro rundt adopsjonsinstituttet. Denne regjeringa har oppnemnd eit offentleg utval som skal granske systemet for utanlandsadopsjonar, og det er fleire grunnar til at det har vore nødvendig og på høg tid. Det er Stortinget som har vedtatt rammene for adopsjonsinstituttet og utanlandsadopsjonar til Noreg, gjennom adopsjonslova. I tillegg ligg det føre internasjonale konvensjonar som Noreg er forplikta til, i første rekkje Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og internasjonalt samarbeid om internasjonale adopsjonar og FNs barnekonvensjon. Det overordna målet for alt arbeid med adopsjon i departementet og direktoratet (Bufdir), er at alle adopsjonar skal vere forsvarlege, og at adopterte barn skal få ein trygg oppvekst.
Bufdir er adopsjonsstyresmakta i Noreg, og har mellom anna ansvar for å godkjenne adopsjonssøkjarar, føre kontroll og tilsyn med adopsjonsforeiningane og tildele og følgje opp løyve til å formidle adopsjonar. Det er også bestemt at Bufdir er Noregs sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen 1993, og dette gir Bufdir eit ansvar for å samarbeide internasjonalt på adopsjonsfeltet og halde kontakt med andre lands sentralstyresmakter. Dette samarbeidet bidreg og til at Bufdir får viktig informasjon og opplysningar om internasjonal adopsjon frå andre land.
Departementet har, slik representanten påpeikar i grunngivinga si, bede Bufdir gå gjennom alle formidlingsløyva innan 1. mai 2024. I mellomtida har Bufdir på eige grunnlag gjort ei vurdering av behovet for midlertidig stans av utanlandsadopsjonar medan den offentlege granskinga går føre seg. Som spørsmålsstillaren vil vere kjent med, når dette svaret føreligg, tilrår Bufdir dette. Departementet si vurdering er at vi ikkje har eit tilstrekkeleg grunnlag for å ta stilling til denne tilrådinga, og at vi treng meir informasjon for at departementet skal kunne ta avgjerd i dette spørsmålet.
Spørsmålsstillar hevdar at direktoratet tilsynelatande tar politiske avgjerder på området. Eg vil understreke at det er departementet som skal ta avgjerd om eventuell midlertidig stans i adopsjonar, og som har kompetanse til å treffe endelege avgjerder i klagesaker om formidlingsløyve. Bufdir er adopsjonsmyndigheit, og har fått delegert ansvaret for å sikre forsvarleg tilsyn og kontroll på adopsjonsfeltet og gjere vurderingar av risiko. Det ansvaret føreset eg at direktoratet forvaltar på ein grundig måte. Det vil også vere ei oppgåve for granskingsutvalet å gjennomgå systemet for tilsyn og kontroll i Noreg, for å lære av eventuelle feil og manglar og sikre trygge adopsjonar i framtida.
Målet mitt er ikkje å sette ein stoppar for utanlandsadopsjonar i framtida, men å sørgje for eit system som gjer at alle kan vere trygge på at adopsjonar som skjer til Norge, er trygge og forsvarlege, og at barn som kjem til Norge, får ein god oppvekst.