Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:884 (2023-2024)
Innlevert: 10.01.2024
Sendt: 10.01.2024
Besvart: 17.01.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Hvor mange ganger har Norge benyttet seg av reservasjonsretten «ordre public» som ligger i artikkel 22 i Haag-konvensjonen, og hvis den ikke er benyttet, hva er grunnen til dette?

Begrunnelse

Viser til mitt skriftlige spørsmål (dok 15:1579 (2022-2023) der statsråden bla. skriver:

«Eg vil innleiingsvis gje uttrykk for at eg ser at det i einskilde tilfelle kan verke uheldig at norske myndigheiter på grunn av konvensjonsforpliktingar må leggje til grunn ein utanlandsk dom som etter norske reglar og prinsipp kan verke urimeleg».

Når en leser artikkel 22 i Haag-konvensjonen fremstår ikke dette ut som et korrekt svar fra statsråden når man ser at det eksisterer en reservasjonsrett:

«Anerkjennelse og fullbyrding kan nektes dersom:
a) anerkjennelse og fullbyrding av avgjørelsen er åpenbart uforenelig med rettsordenen («ordre public») i den anmodede stat».

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det overordna føremålet med Haagkonvensjonen av 23. november 2007 om internasjonal innkrevjing av undeholdsbidrag til barn og andre formar for underhald til familiar, er å sørgje for ei effektiv internasjonal innkrevjing av barnebidrag og andre formar for krav om underhald. Konvensjonen regulerer mellom anna når krav om bidrag frå andre statar skal anerkjennast, og inneheld konkrete vilkår knytt til dette.
Det er riktig at anerkjenning og fullbyrding kan bli nekta etter Haagkonvensjonen 2007 artikkel 22 a) dersom avgjerda er «openbert uforenleg» med rettsordenen ( «ordre public») i Noreg. «Ordre public»-atterhaldet er meint som ein tryggingsventil for å unngå urimelege resultat i einskilde tilfelle der anerkjenning og fullbyrding vil verka støytande på den alminnelege rettskjensla. Eitkvart avvik frå intern rett vil ikkje vere tilstrekkeleg til at «ordre public»-atterhaldet kan brukast. Den utanlandske avgjerda må føra til eit uuthaldeleg eller uakseptabelt resultat, og «openbert» stri mot fundamentale rettsprinsipp i Noreg for å kunna nektast anerkjent og fullbyrda.
Arbeids- og velferdsdirektoratet, som er sentralmyndigheit for Haagkonvensjonen 2007, opplyser at «ordre public»-atterhaldet i artikkel 22 a) så langt ikkje er nytta til å nekta anerkjenning av ei utanlandsk avgjerd om bidrag. Bakgrunnen er at NAV ikkje har motteke nokon utanlandsk avgjerd for anerkjenning og fullbyrding som er vurdert å falla inn under atterhaldet i føresegna.