Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:889 (2023-2024)
Innlevert: 10.01.2024
Sendt: 11.01.2024
Besvart: 18.01.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Kvifor vil ikkje ministaren kalla faglitterære forfattarar og omsetjarar for kunstnarar, og kva er den grunnleggjande skilnaden på ein frilans sakprosaforfattar og ein romanforfattar, som gjer at sistnemnde er kunstnar og førstnemnde ikkje?

Begrunnelse

I Meld. St. 22 blir det forsøkt teikna opp kva som er kunst, og kven som er kunstnarar. Om kritikarar, arkitektar og faglitterære forfattarar og omsetjarar heiter det: «Mange i desse gruppene jobbar på måtar som ligg tett på kunstnarlege praksisar, men identifiserer seg i mange tilfelle ikkje med kunstnaromgrepet. I kunstnarpolitikken vert desse gjerne omtalte som randsonegrupper.» Ein trekk altså opp eit skilje mellom skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar på den eine sida, og dei faglitterære forfattarane og omsetjarane på den andre.
Denne grensedraginga har mellom anna blitt kritisert av fleire av våre mest kjende faglitterære forfattarar, i eit opprop i VG (09.12.23). Der peiker dei mellom anna på at det faglege grunnlaget er tynt, då det ikkje er tatt omsyn til at over 700 av NFFO sine medlemmar er frilansarar som skriv sakprosa for eit allment publikum, men i for stor grad lener seg på at ein stor del av dei organiserte i NFFO har lønna arbeid innan forsking, utdanning, forvalting og organisasjonsliv. Ein slik definisjon av forfattarar og omsetjarar som arbeider med sakprosa, tar heller ikkje høgde for at denne forfattarverksemda er «formidling av kunnskap i litterær form, som krever kunstnerisk blikk, litterær kompetanse og formidlingsferdigheter», slik NFFO skriv i sitt høyringssvar til stortingsmeldinga.
Både NFFO, og forfattarane sjølv, meiner at denne utdefineringa er med på å svekkja sakprosaen si stilling i samfunnet, og at det samstundes syner manglande anerkjenning for den skapande verksemda av litterære åndsverk som skapar lesarar i alle aldrar. Dette er å gå på tvers av det arbeidet som i seinare år har vore lagt ned for å heva sakprosaen si stilling, og det skapar ei uro blant forfattarane for dei økonomiske utsiktene i deira virke. Der veit ein allereie at to av tre sakprosabøker ikkje blir kjøpt inn til biblioteka og at berre seks prosent av dei statlege kunstnarstipenda for forfattarar og omsetjarar går til sakprosaen.
Den samfunnsmessige kostnaden av dette er potensielt svært stor. Sakprosa er i dag eit vern mot desinformasjon, falske nyhende, forskingsskepsis og mistillitssamfunn. Det er ein litteratur som gjer oss klokare, gir oss større innsikt i verda me er ein del av og er for mange inngangsporten til eit lesande liv.

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Eg vil først og fremst oppklare ei misforståing: Eg har aldri uttalt at faglitterære forfattarar og omsetjarar ikkje er kunstnarar. Verken eg eller Meld. St. 22 (2022-2023) Kunstnarkår har definert at sakprosaforfattarar ikkje er kunstnarar, mens ein romanforfattar er det.
Representanten viser til omtalen i Kunstnarkår om at «[d]ei faglitterære forfattarane og omsetjarane er ei gruppe som kan seiast å liggje i randsonen av kunstnaromgrepet, og som i mindre grad reknar seg sjølve som kunstnar». Her må eg understreke at dette ikkje er regjeringa si vurdering, men noko faglitterære forfattarar og omsetjarar sjølve har gitt tilbakemelding om i Kunstnerundersøkelsen 2019.
Dersom dette er noko sakprosaforfattarane ikkje kjenner seg igjen i, så er dette ein diskusjon som dei må løfte innan eige fagfelt. Kva som er kunst og kven som er kunstnar er ikkje opp til oss politikarar å avgjere, men er ein diskusjon som fagfelta sjølve må ivareta og sette premissene for.
Det som er sikkert er at sakprosaforfattarane er inkludert i kunstnarpolitikken gjennom eigne stipendhemlar i Statens kunstnarstipend og gjennom ei eiga innkjøpsordning i Kulturfondet. Korkje eg eller nokon andre har foreslått å endre på det.
Kunstnarkår foreslår ingen tiltak som bidreg til å svekke sakprosaen eller dei faglitterære forfattarane. Tvert om har regjeringa styrkja Statens kunstnarstipend med 20 mill. kroner i 2024, som blant anna skal gå til fleire nye stipendheimlar, her under òg til faglitterære forfattarar og omsetjarar. I tillegg er også storleiken på stipenda auka. Fordelinga av desse stipenda vil gjerast på ordinær måte i arbeidet med kvotefordelinga frem mot tildelingsmøtet til våren.
Vi vidarefører også støtta til innkjøpsordninga for sakprosa i Kulturfondet. Kulturrådet står som vanleg fritt til å fordele fondet på den måten dei sjølv meiner er best, innanfor og i samsvar med overordna føringar som er gitt av Stortinget og departementet.