Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:912 (2023-2024)
Innlevert: 15.01.2024
Sendt: 15.01.2024
Besvart: 19.01.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Når planlegg regjeringa å nå målet om å byggja nye 3 000 studentbustadar årleg?

Begrunnelse

TV2 kunne i helga (13.01.24) fortelja om studentar som skrur av straumen og går med boblejakke inne for å halda seg flytande økonomisk. Tal frå Eigedom Norge syner at leigeprisane har auka med over 15 prosent dei siste to åra, som er rekordvekst. I tillegg auka matprisane med 10 prosent i fjor. Statsråden seier til TV2 at husleige er den klart største enkeltutgifta for dei fleste studentar.
Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Oline Sæther, peiker på at fleire studentbustadar kan ha positive effektar ut over studentmassen, då det vil kunne bidra til å ta av presse i den private leigemarknaden. Før studiestart hausten 2023 stod minst 14 500 studentar i kø for å få studentbustad, og i følgje NSO er det i dag berre 15 prosent av studentane som har studentbustad.

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch: Eit viktig grep for å betre studentøkonomien og bidra til å dempe presset i den private leigemarknaden, er å bygge fleire rimelege studentbustadar. Derfor vil regjeringa trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3000 nye studentbustadar i året. Men det har vore ei utfordring å få inn nok byggeklare søknadar frå studentsamskipnadane og studentbustadsstiftelsane, og fleire samskipnadar har dei siste seks åra levert tilbake tilsegner om tilskot som dei ikkje har klart å nytte. Som svar på desse utfordringane auka regjeringa kostnadsramma i 2023 og opna opp for at byggeprosjekt kan nytte den kostnadsramma som gjeld det året byggeprosjektet får mellombels bruksløyve eller ferdigattest, i inntil fire år etter at dei fekk tilsegn om tilskot. Tiltaka har ført til fleire søknadar om tilskot. Også andre tiltak som bidreg til fleire studentbustadar blir vurderte i samband med dei årlege statsbudsjetta.