Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:914 (2023-2024)
Innlevert: 15.01.2024
Sendt: 16.01.2024
Besvart: 22.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hva er selvforsyningsgraden nå og tenker statsråden at erstatningene som ble gitt etter ekstremværet Hans er store nok til å gi trygghet til utsatte bønder, slik at selvforsyningsgraden blir økt?

Begrunnelse

2023 bød først på tørke før ekstremværet Hans oversvømte og ødela store avlinger. Med de statlige erstatningsordningene for bøndene etter ekstremværet Hans må bonden dekke 30 prosent av tapet selv. Dessuten har den et makstak på 1,8 millioner kroner, uavhengig av hvor stort tapet har vært. Det slår svært dårlig ut for de store matprodusentene.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Den norske sjølvforsyningsgraden var i 2022 på 47 pst. Dersom ein korrigerer for import av fôrråvarer, var sjølvforsyningsgraden på 40 pst. Tala for 2023 er ikkje publisert.
Som representanten viser til førte mellom anna ekstremvêret Hans til stor svikt i fjorårets planteproduksjon. Det same gjorde tørke tidlegare på sumaren. Etter ein slik sesong er ordninga med tilskot ved produksjonssvikt viktig for dei råka produsentane. Ordninga, inkludert satsane for dei ulike vekstane, er ein del av dei årlege jordbruksforhandlingane. Partane er einige om at ordninga skal vere ei katastrofeordning som skal bidra til videre produksjon. Derfor er det også ein eigenandel i ordninga på 30 prosent, som speglar normal variasjon i avlingar frå år til år. Ordninga er altså ikkje meint å vere ei erstatningsordning som dekkjer alle tap.
Det var gjennom hausten 2023 tett dialog mellom departementet og jordbruket om situasjonen. På grunn av dei særskilte forholda i fjorårets vekstsesong har regjeringa gjort fleire tilpassingar i produksjonssviktordninga for å avhjelpe situasjonen. Det er og som eit resultat av dialogen med jordbruket gjort varige forbetringar i ordningane knytt til naturskade
Arbeiderpartiet og Senterpartiet har som mål å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent. Auka sjølvforsyning vil vera eit viktig bidrag for å styrke matberedskap og vil gje grunnlag for auka verdiskaping i norsk jordbruk. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding med strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer i løpet av våren.