Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:920 (2023-2024)
Innlevert: 16.01.2024
Sendt: 16.01.2024
Besvart: 22.01.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Er statsråden enig i at det er på tide å modernisere og avbyråkratisere lovverket for askespredning når folk i praksis likevel sprer asken der de vil?

Begrunnelse

For hvert år som går dør flere, kremeres flere og flere søker om å få spre asken til sine kjære. Lovverket for askespredning er strengt i Norge. Det er bare lov å spre aske til havs og til fjells, og det krever egen søknad til statsforvalteren.
Samtidig som flere ønsker å spre aske i stedet for å begrave en urne, er det kapasitetsutfordringer på mange kirkegårder. Askespredning krever ikke eget avsatt areal, slik gravlegging eller urnenedsetting gjør. Seremonier med askespredning har alle muligheter for å være like verdige som andre typer gravferd, og minst like personlig.
NRK Rogaland kan fortelle at gravferdsbyråer mener det er etablert praksis at etterlatte søker om å spre asken til havs eller til fjells, men så velger et annet sted når de først har asken i hende.
Dagens ordning med søknad til statsforvalteren om askespredning er altså bare et skinn-system. Det er ekstra byråkrati for både statsforvalter og etterlatte, uten at det har noe å si for praksis.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg har merka meg framlegga i NOU 2014: 2 Lik og likskap om å modernisere reglane og vurdere krava til sakshandsaming ved oskespreiing. Utvalet meinte ein burde halde fast på kravet om løyve til oskespreiing, men at løyvet bør handsamast av gravplassforvaltninga i den kommunen der spreiinga skal skje. Dei gjorde vidare framlegg om at oske skal kunne spreiast på eigne plassar inne på gravplassane. Eg viser til at statsforvaltarane i 2022 blei bedne om å gje innspel om deira røynsler med regelverket og sakshandsaminga samt om potensialet for effektivisering og digitalisering.
Eg vil også gjere merksam på at oskespreiing er tillate fleire stadar enn «til havs eller til fjells». Eit rundskriv i 2012 gjorde det klart at oskespreiing ikkje treng skje «utaskjærs», men kan skje i fjordar og i elver, vassdrag og anna ferskvatn i område med eit tilstrekkeleg aude preg. Med reservasjonen om aude preg ville ein mellom anna unngå konflikt med friluftslivet. Det same gjeld på land. Rundskrivet presiserte at det er «områdets karakter heller enn antall meter over havet som bør være avgjørende for om det kan tillates askespredning». Aude skogsområde og område utan bygningar blei peika ut. Denne utvidinga i 2012 går fram av nettsidene til departementet og til statsforvaltaren som har laga eit digitalt søknadsskjema.
Eg legg til grunn at gravferdsbyråa informerer om reglane slik dei er, mellom anna om at det ikkje er høve til å spreie oska etter menneske på hytta eller i hagen. Eg legg vidare til grunn at folk forheld seg til søknaden dei har sendt til statsforvaltaren og løyvet dei har fått.
Eg er ikkje kjend med at reglane i Noreg er vesentleg strengare enn elles i Norden. I og med at ein kremasjon normalt gir om lag fire liter oske, kan det vere tenleg å ha eit minstemål av regulering av kvar spreiinga skjer. Det er likevel grunn til å vurdere om grensene som er sette, er dei rette.
Det er opp til statsforvaltaren å eventuelt setje frist for når oskespreiinga skal vere gjennomført og vilkår om at dei etterlatne skal informere statsforvaltaren om at spreiinga har skjedd. Ein må vurdere nærare kva for kontroll det offentlege bør ha med at dei etterlatne spreier oska i samsvar med løyvet. I dag er dette i stor grad tillitsbasert, og det varierer i kva grad statsforvaltarane set slike vilkår. Mitt utgangspunkt er at offentleg regulering bør byggje på tillit til folk.
Eg vil vurdere om sakshandsaminga kan forenklast og om vilkåra bør gå fram av ei forskrift i staden for eit rundskriv. Høyring av eit framlegg til forskrift vil gi departementet tilbakemelding på korleis ein bør avvege dei ulike omsyna på dette feltet. Eg meiner det er grunnar til å oppretthalde reglar for oskespreiing, og meiner det er grunnar mot at oske etter menneske skal kunne spreiast nærare bumiljø, turvegar og rekreasjonsområde enn ein tillet i dag.