Skriftlig spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:929 (2023-2024)
Innlevert: 16.01.2024
Sendt: 17.01.2024
Besvart: 24.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Når ble Landbruksdepartementet eller statsråden orientert, skriftlig eller muntlig, om situasjonen første gang?

Begrunnelse

Markedsregulator Tine har bommet i sine anslag hva gjelder behov for produksjon av melk. Ifølge Tine selv var dette noe de ble bevisste på allerede før sommeren 2023, og justerte dermed opp kvotene i juni. Dette feilet imidlertid, og produksjonen økte ikke slik de håpet på. Likevel orienterte ikke markedsregulator de andre aktørene i markedet før sent i desember, gjennom et budskap som dreide seg om melkepulver. Det fremstår som alvorlig dersom markedsregulator var klar over situasjonen i mange måneder før de orienterte om saken.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Som landbruks- og matminister er eg opptatt av at det til ei kvar tid er nok norsk mat i butikken. Eg er derfor ikkje nøgd med dagens situasjon i marknaden for mjølk og egg. I samband med desse utfordingane hadde eg møte med Tine og Nortura den 16. januar. Etter desse møta er eg trygg på at det kjem til å vere nok norske egg, ost, smør og mjølk i butikkane framover. I møtet gav eg tydeleg utrykk for at eg ikkje var nøgd med korleis Tine har handsama situasjonen. Eg bad Tine gjere greie for kvifor situasjonen med mjølkemangel har oppstått, kva Tine ville gjere med situasjonen og korleis Tine skal hindre at dette skjer igjen.
Eg opplevde at Tine såg alvoret i situasjonen, og at dei erkjente at delar av handsaminga ikkje var god nok. Samstundes garanterte dei for at forbrukarane ikkje vil oppleve mangel på meieriprodukt i butikken. Mitt tydelege bodskap var at Tine så raskt som mogleg må kome i ein situasjon der vi har nok norskprodusert mjølk.
Landbruks- og matdepartementet har kontinuerleg dialog med alle marknadsregulatorar, både Tine, Nortura og Felleskjøpet Agri. Ein god dialog er sjølvsagt avhengig av at båe partar informerer om relevante hendingar. Som ein del av den ordinære dialogen, er det formelle situasjonar der marknadsregulator skal informere myndigheitene. For departementet gjeld dette mellom anna dei årlege kvotedrøftingane, prognoser for tilgang på ku- og geitemjølk 4-6 gonger i året og årlege kontaktmøte. Landbruksdirektoratet si rolle i marknadsreguleringa er å vere sekretariat for Omsettingsrådet, forberede saker, gjere faglege innstillingar og iverksette tiltak som vert bestemt i rådet. I tillegg administrerer og krev dei inn omsetiingsavgifta. Landbruksdirektoratet har òg ansvar for å forvalte tollvernet, og vurderer søknadar om nedsette satsar for tollavgift.
Som marknadsregulator, har Tine ansvar for å føreslå og gjennomføre reguleringstiltak. Rollen som marknadsregulator inneber mottaksplikt, forsyningsplikt og informasjonsplikt. Kravet om informasjonsplikt inneber at alle marknadsaktørane (aktørar som kjøper rå mjølk frå Norsk melkeråvare) straks etter vedtak om endring/tiltak er gjort, skal ha lik tilgang på informasjon om aktivitetar som Tine utfører i kraft av reguleringsansvaret. I praksis gjeld dette produksjons- og forbruksprognosar, prisprognosar, prisnoteringar og reguleringsaktivitetar.
Kvotedrøftingane går føre seg kvart år i månadsskiftet november/desember. For 2023 var kvotane sett til 0,95. Den 1. juni 2023 varsla Tine om at dei ville tilrå at forholdstalet for inneverande kvoteår vart auka. Landbruks- og matdepartementet inviterte difor partane til ekstraordinære kvotedrøftingar 22. juni. I møtet gjorde Tine greie for utviklingane i leveransane for mjølk, behovet og reguleringslagra i inneverande år. Etterspurnaden etter mjølk var så langt i 2023 noko høgare enn det som låg til grunn da kvotane for 2023 vart fastsett i november 2022. I tillegg var mjølkeinngangen noko lågare. Tine tilrådde difor at forholdstalet for kumjølk vart auka til 0,99. Departementet fastsette forholdstalet i tråd med marknadsregulator og faglaga si tilråding.
18. oktober publiserte Norsk melkeråvare prognose for inneverande og kommande kvoteår. Denne blei oversendt departementet og publisert på nettsidene til Norsk melkeråvare. 20. oktober gjekk Tine ut og sa at dei hadde sendt brev til marknadsaktørane om at det var behov for meir mjølk, men at lagerbehaldninga var tilstrekkeleg slik at det ikkje var behov for ei auke i forholdstalet for 2023.
Den 17. november publiserte Norsk melkeråvare ein ny prognose for inneverande og kommande kvoteår. Denne blei òg oversendt departementet og publisert på nettsidene til Norsk melkeråvare.
Invitasjon til dei ordinære kvotedrøftingane for 2024 blei sendt frå Landbruks- og matdepartementet 2. november 2023 til Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tine og Landbruksdirektoratet. Tine og Landbruksdirektoratet leverte dokument til drøftingane. Departementet bad deretter Tine sende meir utfyllande informasjon om marknadsforhold og kvotefylling, noko Tine gjorde 24. november 2023. Kvotedrøftingane gjekk føre seg 27. november 2023. Tine gjorde her greie for hovudpunkta i sitt innspel, mellom anna leveransane inneverande år, prognosar og behov for 2024. Tine tilrådde eit forholdstal på 1,02, og jordbrukets organisasjonar stilte seg bak dette. I etterkant av drøftingane fastsette Landbruks- og matdepartementet forholdstalet for 2024 til 1,02.
Den 29. november 2023 sendte Tine søknad til Landbruksdirektoratet om tollnedsetting på skummamjølkpulver, og departementet blei orientert om at det kunne verte utfordringar med for lite mjølk i første kvartal 2024, og behov for import av mjølkepulver. Den 4. desember gjekk Tine ut i Nationen og oppmoda bøndene om å auke produksjonen av mjølk gjennom vinteren.
I uke 50 orienterte Tine departementet om at dei tok kontakt med aktørane og Landbruksdirektoratet for å gjere greie for situasjonen og korleis dei etter regelverket ville regulere prioriteringa av mjølk i ein underskotssituasjon. Torsdag 14. desember 2023 sendte Tine ein søknad til Landbruksdirektoratet med førespurnad om å administrere ned tollen for heilmjølkpulver frå 1. januar 2024 for å unngå at marknaden vart alvorleg forstyrra. Departementet hadde møte med Tine 15. desember og vart da informert om situasjonen og Tines oppfølging.
Alle dokumenta som er omtalt over og oversendt departementet, er offentlege og ligg vedlagt dette brevet.

Vedlegg til svar

Vedlegg i pdf-format