Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa følga opp Statens vegvesen og underleverandørane deira for å hindra vidare plastforsøpling i sjøen i samband med bygginga av Rogfast?
Begrunnelse
I november rapporterte media at det var oppdaga plastsøppel i sjøen fleire stader i Rogaland. Rosa plastklips og sprengleidningar var funne i fjøra og i sjøen ved Randaberg, Hundvåg, Mekjarvik og heilt oppe i Haugesundsområdet. Den mest sannsynlege utsleppskjelda er sprengingsarbeidet i Rogfastprosjektet, ifølgje Statens Vegvesen.
Dette er ikkje første gongen et vegprosjekt har ført til utslepp. Også ved bygginga av Ryfast hamna store mengder plast og glasfiber i fjordane våre. I Ryfastsaka fekk Statens Vegvesen bot og pålegg om å rydda opp. Men ryddearbeidet tok lang tid. Fleire miljøorganisasjonar var heller ikkje fornøgd med kvaliteten på oppryddinga.
Ifølgje Senter mot Marin Forsøpling, MARFO, hamnar det på verdsbasis 9-14 millionar tonn plast i havet kvart år. Plast har lang nedbrytingstid og forsvinn aldri heilt. Han blir berre broten ned til mindre bitar, som me dag kjenner som mikroplast. Denne mikroplasten blir eten av havdyr, hamnar i drikkevatnet vårt og utgjer ein helsefare også for menneske.