Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren

Dokument nr. 15:958 (2023-2024)
Innlevert: 18.01.2024
Sendt: 19.01.2024
Besvart: 23.01.2024 av energiminister Terje Aasland

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Sokndalsvassdraget er ei av landets beste lakseelver og er av høg verdi for naturmangfald, turisme og lokal verdiskaping.
Vil statsråden legga avgjerande vekt på desse forholda i vurderinga av klagen på avslaget om utbygging av kraftverk i sideelva Ålgårdselva, og når vil klagen bli behandla?

Begrunnelse

Frøytlog kraftverk i Ålgårdselva, ei av fire sideelver til Sokndalsvassdraget, vart vedtatt utbygd i 2015, då den dåverande regjeringa overprøvde både NVE sitt faglege råd og OED sitt avslag på søknaden. I 2020 søkte Dalane Kraft AS om utsett byggefrist, og i november 2023 avslo NVE denne søknaden. Dalane Kraft AS har klaga på avslaget til Energidepartementet.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner at omsynet til naturmangfald må vega tyngst i saka, og legg ny kunnskap om trua artar til grunn for vedtaket. NVE konkluderer med at det ikkje finst avbøtande tiltak som i tilstrekkeleg grad kan redusera ulempene for naturen, utan at det går vesentleg ut over samfunnsnytten til prosjektet.
Ålgårdselva er den minste sideelva i Sokndalsvassdraget, men har størst verdi for laksen. Her finst dei beste gyte-, skjule- og oppvekstområda for villaksen, og erfarne fiskarar meiner at meir enn halvparten av laksen i Sokndalsvassdraget vandrar opp i denne sideelva. Ålgårdselva er også eit viktig område for elvemuslingen, som til liks med laksen er ein raudlista art.
Sokndalsvassdraget er blant dei 20 beste lakseelvene i Noreg. Elva er lite påverka av lakselus og annan forureining frå oppdrettsanlegg på grunn av opent hav ved utløpet og få oppdrettsanlegg i nærleiken. All laks registrert i 2023 var villaks.
Elva og lokalsamfunnet rundt har mykje turisme knytt til laksefiske og turgåing, noko som gir lokal verdiskaping. Kulturbyen Sogndalstrand ligg ved utløpet av elva og har mange besøkande. Her kan ein sjå laksen symja oppover elva på klare og fine sommardagar. Historia om laksefisket er dokumentert tilbake til 1300-talet.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Klagen på NVEs vedtak om avslag på forlenget byggefrist behandles i tråd med reglene i forvaltningsloven. NVE skal først ta stilling til om klagen gir grunn til å endre vedtaket. NVE må gjøre en selvstendig, faglig vurdering av klagen, og departementet vil ikke foregripe den innledende klagebehandlingen i NVE.
Hvis NVE ikke finner grunn til å endre vedtaket sitt, skal det oversendes departementet som klageinstans. Departementet vil da foreta en vurdering av alle relevante sider av saken. Denne saken er ikke oversendt fra NVE. Jeg kan ikke foregripe vurderingen av hvordan ulike hensyn vil bli vektlagt i en sak som mitt departement ennå ikke har fått til behandling.