Skriftlig spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:984 (2023-2024)
Innlevert: 19.01.2024
Sendt: 22.01.2024
Besvart: 29.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): Det bygges ned for mye natur i Norge, og en viktig årsak er at det gis for mange dispensasjoner fra vedtatte planer for å ta vare på naturområder.
Hvordan vil statsråden sikre at Statsforvalteren behandler dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven eller få disse til uttale fra kommunene, når Statsforvalteren i Vestland mener hun skal slutte følge opp dette?

Begrunnelse

Statsforvalteren i Vestland har nylig annonsert at de endrer praksis i dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven, som en oppfølging av regjeringens såkalte «Tillitsreform». Statsforvalteren i Vestland skal fra nå av ikke lenger uttale seg før kommunene gjør vedtak i dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven, og heller ikke be kommunene om å få tilsendt dispensasjonssøknader.
Det er med andre ord i praksis fra nå av fritt fram for kommunene i Vestland å fravike vedtatte planer for å ta vare på naturområder, landbruksjord etc. Dette på tross av at naturen i Norge er under sterkt press blant annet på grunn av bit-for-bit politikk som bygger ned areal ute i kommunene, og at Klima- og miljøministeren nylig har uttalt av fra nå av skal «naturen komme først».
Juristforbundet har tidligere fortalt hvordan deres medlemmer ute i kommunene står i spagaten mellom sterke utbyggingsinteresser og hensyn til natur og almene interesser. Ved at Statsforvalteren abdiserer i dispensasjonssaker, legges det enda mer press på de få med faglig ansvar for å ta vare på naturen ute i kommunene, og de får færre støttepunkter.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Bruk og vern av areal skal etter plan- og bygningslova styrast gjennom arealplanar. Sagt på ein annan måte styrast bruk og vern av naturen først og fremst gjennom planlegging, og ikkje dispensasjon. Som lokal planmyndigheit har kommunane stor grad av fridom til å bestemme arealbruken, og dermed veie omsynet til natur mot andre omsyn i planprosessane. Kommunane får i denne prosessen bistand frå til dømes statsforvaltarane, som ser til at kommunane ikkje vedtek planar i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.
Det er mogleg å dispensere frå arealplanar, men vilkåra er strenge. Av plan- og bygningslova § 19-2 framkjem at omsyna bak føresegna det vert dispensert frå, omsyna i føremåls-føresegna i lova eller nasjonale eller regionale interesser, ikkje må bli sett vesentleg til side. Fordelane ved å gi dispensasjon må òg vere klart større enn ulempene. Det følgjer av dette at det ikkje er fritt fram for kommunane å fråvike arealplanar som beskyttar til dømes omsynet til naturen. Kommunane er vel kjende med vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2.
Regionale og statlege myndigheiter skal få moglegheit til å uttale seg før kommunane gir dispensasjon frå planar, plankrav eller forbodet mot bygging i strandsona, viss saksområdet vedkjem den aktuelle myndigheita, jf. plan- og bygningslova § 19-1. Kommunane har likevel eit sjølvstendig ansvar for at saka er tilstrekkeleg opplyst før dei gir dispensasjonsløyve.
Om ein kommune gir dispensasjon kan til dømes statsforvaltaren i mange tilfelle klage på avgjerda. Kommunane skal av den grunn sende slike avgjerd til statsforvaltaren, så stats-forvaltaren får moglegheit til å ta stilling til om dei skal klage. Som representanten skriv har Statsforvaltaren i Vestland lagt om sin praksis når det gjeld høyring før kommunane i fylket gjer vedtak om dispensasjon. Det er positivt at statsforvaltarane leitar etter mogelegheiter for å forenkle og effektivisere forvaltninga i dialogen med kommunane. Statsforvaltaren i Vestland har derimot ikkje endra praksis når det gjeld at kommunane framleis må sende avgjerd om å gje dispensasjon til statsforvaltaren. Moglegheita til å klage er en god tryggingsventil for at dispensasjonar ikkje blir gitt i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser, til dømes naturomsyn. Eg har tillit til at statsforvaltarane er medvetne om det ansvaret dei har for å ivareta nasjonale og viktige regionale omsyn i den enkelte saka.
Statsforvaltarane har også ei viktig rettleiarrolle i høve kommunane, og eg oppfattar ikkje at den endringa i praksisen som Statsforvaltaren i Vestland legg opp til svekker denne rolla. Det skal vere låg terskel for kommunane å ta kontakt med statsforvaltarane for rettleiing til dømes i saker som vedgår arealforvaltning.
Stortingets eige ombod for kontroll med forvaltninga, Sivilombodet, har i brev 18. januar 2024 til Statsforvaltaren i Vestland valt å undersøke om den nye praksisen er i samsvar med plan- og bygningslova. Statsforvaltaren i Vestland har fått frist til 15. februar 2024 med å svare på undersøkinga. Eg finn det difor riktig å sjå an Sivilombodet si vurdering av praksisen til Statsforvaltaren i Vestland.