Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:992 (2023-2024)
Innlevert: 22.01.2024
Sendt: 22.01.2024
Besvart: 30.01.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Hvordan vil statsråden bidra til at studenter med lese- og skrivevansker i større grad kan få oppfylt sin rett på tilrettelagt pensum i høyere utdanning?

Begrunnelse

Studenter med nedsatt funksjonsevne har rett på tilrettelagt pensum i høyere utdanning. Det inkluderer både synshemmede og personer med lese – og skrivevansker. Norsk Lyd og Blindeskriftbibliotek (NLB) har ansvar for å omgjøre pensumbøker til lydbøker for studenter med synshemming. Instansen selv ønsker å tilrettelegge for å sikre like rettigheter til begge disse gruppene, slik som Kunnskapsdepartementet gjør i Sverige og Danmark. Tilretteleggerne rapporterer at den største utfordringen er å tilby lydbøker til alle studenter som trenger det. Det er et stort udekket behov, ettersom det kun er studenter som er blinde eller som har synshemming som får produsert nye bøker hos NLB.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Takk for spørsmål om ei sak som er viktig for mange. Det å legge til rette for at studentar skal ha dei beste mogelegheitene for å gjennomføre studia sine er ansvaret til universiteta og høgskulane. I § 4-3c andre ledd i universitets- og høgskulelova står det likevel at «retten gjeld ikkje tilrettelegging som inneber ei uforholdsmessig byrde for institusjonen».
Eit universitet eller ein høgskule bør tilpasse pensum i eit emne eller studieprogram på ein eigna måte, men det må ikkje krevje urimelege ressursar. Å legge til rette pensum kan vere teknisk krevjande og også legge band på faglege og administrative ressursar.
Det er også viktig å merke seg kva som står i tredje ledd: «Den som fullfører og består ei utdanning, må ha oppnådd det fastsette læringsutbyttet. Tilrettelegginga må derfor ikkje føra til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i den enkelte utdanninga».
Blinde eller sterkt svaksynte studentar har rett til å få produsert pensumtekstene dei treng, såkalla produksjonsrett. Studentar med ulike former for nedsett funksjonsevne kan søkje om tilgang til tilrettelagde pensumtekster som allereie er produserte, såkalla lånerett. Desse finst hos Norsk lyd og blindeskriftbibliotek (NLB).
Mellom 2020 og 2022 løyvde Kunnskapsdepartementet (KD) to millionar kroner årleg til eit prøveprosjekt hos NLB med namnet Tilrettelagt pensum for studentar med lesevanskar. Røynslene med prosjektet var gode og dei som var med i prosjektet var nøgde med korleis pensum blei lagt til rette for dei. Institusjonane som var med var Høgskolen i Innlandet, Samisk høgskole, Høyskolen Kristiania og Universitetet i Agder. Det er likevel usikkert om denne tilrettelegginga har vore verdt kostnadene. Dette kom fram ved å sjå på læringsutbyttet til studentane som var med i prosjektet.
Ein rapport laga av NLB og Universell i 2021 såg på kva det vil koste å innføre produksjonsrett for alle studentar med lese- og skrivevanskar. Rapporten konkluderte med at det vil koste mellom 12,9 og 32,8 millionar kroner dei seks første åra. Dei største kostnadene vil kome i starten av perioden.
Framover vil det bli betre og meir omfattande universell utforming av digitale hjelpemiddel. Det gagnar både dei med lese- og skrivevanskar og andre. Dette er mellom anna ei følge av webdirektiv til EU om universell utforming av nettstader og mobilapplikasjonar, det såkalla WAD-direktivet. Framveksten av kunstig intelligens kan også føre til utvikling av teknologi som vil vere til god hjelp for studentar med lese- og skrivevanskar.
Noreg godkjende Marrakesh-traktaten i 2021. Dette har gjort det enklare å utveksle tilrettelagd litteratur innan EØS-området, eller med ein stat som er part i Marrakech-traktaten. For Noreg betyr det at det er lettare å få tak i pensum på engelsk og andre språk som allereie er tilrettelagt. Føresegnene er tekne inn i forskrift til åndsverklova.
Studentar med nedsett funksjonsevne må ofte bruke mykje meir tid og krefter på utdanninga enn det som er vanleg. Derfor kan dei ofte ikkje jobbe i tillegg til å vere student. Desse kan søke om eit tilleggsstipend hos Lånekassen. Studentar med dokumenterte lese- og skrivevanskar kan også søke om dette stipendet. Dei kan få slikt stipend dersom det å jobbe ved sidan av studia vil gå ut over studieprogresjonen i stor grad.
Eg har tillit til at institusjonane legg til rette for studentar med funksjonsnedsetting og særskilde behov. Samstundes kostar tilrettelegging av litteratur på denne måten mykje. Eg meiner at tilgangen til utanlandsk litteratur gjennom Marrakesh-traktaten og dei strenge krava til universelt utforma digitale tenester i stor grad varetek studentane sine behov.