Skriftlig spørsmål fra Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1035 (2023-2024)
Innlevert: 25.01.2024
Sendt: 26.01.2024
Besvart: 02.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V)

Spørsmål

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V): Kan statsråden redegjøre for hvordan Norge har oppfylt forpliktelsene i Haagkonvensjonen av 1993 om sentralmyndighetens samarbeid med sentralmyndigheter i samarbeidsland, særlig med vekt på antall møter, tilsynsreiser og lignende Bufdir har gjennomført de siste årene?

Begrunnelse

Jeg merker meg at statsråden har stilt omfattende spørsmål til Bufdirs anbefaling om midlertidig stand av utelandsadopsjoner. Venstre er enige i at det trengs grundige utredninger før det eventuelt gjøres noe så inngripende som midlertidig stans. Jeg understreker at det viktigste er at det er barns beste som ligger til grunn.
Etter Haagkonvensjonen art. 7 skal sentralmyndigheter

«... samarbeide med hverandre og fremme samarbeid mellom vedkommende myndigheter i sine respektive stater for å verne barn og for å oppfylle konvensjonens øvrige målsettinger».

I Norge er det Bufdir som har ansvaret for tilsyn og kontroll ved at Haag-konvensjonen oppfylles.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Slik representanten skriv, er det Bufdir som har ansvar for tilsyn og kontroll på adopsjonsfeltet, og som skal sørgje for at dette gjennomførast i tråd med konvensjonen. Konvensjonens artikkel 7 seier at sentralstyresmaktene «skal samarbeide med hverandre, og fremme samarbeid mellom vedkommende myndigheter i sine respektive stater». Eit slikt samarbeid kan utøvast på ulike måtar, og konvensjonen stiller ikkje krav til kva form samarbeidet skal utøvast i. Bufdir samarbeider med andre land på ulike vis, og mellom anna er reiser og møte nyttige for å innhente og dele informasjon.
Eg har fått følgjande informasjon frå Bufdir: Direktoratet har reist på tilsynsreiser til Vietnam, Taiwan, Sør-Korea, Colombia og Ungarn mellom 2013 og 2019. Bufdir har òg gjennomført ei rekke møte med utanlandske sentralstyresmakter og samarbeidspartnarar, seinast ved møte med den sør-afrikanske adopsjonsorganisasjonen i september 2022, og med dei filippinske sentralstyresmaktene i januar 2023. Direktoratet deltek vidare på møte i fleire internasjonale fora på adopsjonsfeltet, der sentralstyresmaktene i fleire land deler og mottek relevant og nyttig informasjon om samarbeid, erfaringar og vurderingar. Kvart år deltek Bufdir på møte med dei andre nordiske sentralstyresmaktene. To gonger i året deltek dei på møte i Intercountry Adoption Network, som består av ti europeiske sentralstyresmakter og den amerikanske. Kvart femte år arrangerer Haagkonferansen for internasjonal privatrett eit spesialkommisjonsmøte om Haagkonvensjonen 1993, der alle dei 104 sentralstyresmaktene blir inviterte. Dette blei sist gjennomført i 2022, og Bufdir deltok på dette. Bufdir og andre sentralstyresmakter har òg hatt møte med The International Social Service (ISS), seinast i november 2023. ISS utarbeider mellom anna landrapportar på adopsjonsfeltet, og Bufdir er blant dei som gir årleg tilskot til ISS for dette arbeidet.
Regjeringa har bestemt at det skal gjennomførast ei ekstern gransking av systemet for utanlandsadopsjonar. Utvalet har starte opp sitt arbeid. Mandatet er klart på at adopsjonsstyresmaktene i Noreg sitt arbeid og kontrollsystem skal gjennomgåast. Ei gransking av systemet for utanlandsadopsjonar vil gi oss ny kunnskap om arbeidet som adopsjonsstyresmaktene har gjort til no, og om det har vore forsvarleg.
Departementet har nyleg motteke ei tilråding frå Bufdir om å gjere ein midlertidig stans i utanlandsadopsjonar, og eg tek Bufdir sine bekymringar på alvor. Slik representanten viser til, har eg nettopp etterspurt meir informasjon frå direktoratet før eg tek ei avgjerd i saka. Noko av det departementet bad om nærare informasjon om i samband med tilrådinga om midlertidig stans, er om Bufdir – som ledd i utgreiinga av den generelle risikoen – har hatt kontakt med sentralstyresmaktene i nærliggande mottakarland, eller i dei opphavslanda som Noreg har adopsjonssamarbeid med. Departementet antek at desse vil kunne bidra til å få risikovurderinga tilstrekkeleg opplyste, både når det gjeld den generelle risikoen for ulovlegheiter som Bufdir omtalar i rapporten sin, og den konkrete risikoen knytt til aktørane som samarbeider med norske adopsjonsstyresmakter. Eg meiner at slik informasjon er svært sentral i vurderinga av ein eventuell midlertidig stans i utanlandsadopsjonar medan den eksterne granskinga pågår.