Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1049 (2023-2024)
Innlevert: 27.01.2024
Sendt: 29.01.2024
Besvart: 05.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden vurdere å droppe statens anke på tingretten sin dom og slutte å bruke tid på å anke tingrettsdommer som går i favør av innbyggerne?

Begrunnelse

Staten tapte en rettssak i Bergen om pålegg om å rive en trebrygge. Denne var satt opp av forrige eier under et helt annet regelverk der slik ting ofte bare ble meldt til kommunene. Og ofte heller ikke arkivert. Spørsmålsstiller undrer over tidsbruken som både enkelte kommuner og nå også staten bruker på å anke og forfølge personer med alle disse ubehagelighetene det medfører.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Plan- og bygningslova, som departementet mitt har ansvaret for, er ei av dei viktigaste samfunnslovene me har. Den skal vareta sentrale omsyn til det beste for fellesskapet. Eit døme på det er jordvern som er nødvendig for å sikre mattryggleik. Eit anna døme er strandsona, som er viktig for å sikre både friluftsliv og naturmangfald.
Etter mi vurdering har staten eit ansvar for at dommar som me vurderer er treft på feil grunnlag, blir anka og prøvde av ein høgare rettsinstans. Dette er særleg viktig i saker som er av prinsipiell betydning for omsyna som plan- og bygningslova skal vareta. Tidsbruk kan ikkje vere eit argument som veg tyngre enn å bidra til rett rettspraksis.
Saken i Bergen, som stortingsrepresentanten viser til, gjeld alvorlege påstandar om journalføringa, sakshandsaminga og arkiveringa til kommunen. Blir dommen frå tingretten ståande, vil han få alvorlege og vidtrekkande konsekvensar ikkje berre for Bergen, men også andre kommunar og deira ansvar for å vareta og følgje opp plan- og bygningslova. Av den grunn meiner eg det er det nødvendig å få klargjort dei alvorlege påstandane på ein grundig måte gjennom ankebehandling.