Skriftlig spørsmål fra Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1051 (2023-2024)
Innlevert: 28.01.2024
Sendt: 29.01.2024
Besvart: 05.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V)

Spørsmål

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V): Vil statsråden lytte til tilbakemeldingene fra norske kommuner og gjeninnføre tilskuddsordningen for utleieboliger og tilhørende virkemidler for å gjøre det enklere å få tilgang på boliger i bosettingsarbeidet?

Begrunnelse

I februar er det to år siden Putin startet sin brutale angrepskrig mot Ukraina. En konsekvens av krigen har vært av at mange Ukrainere har måttet forlate sitt hjemland og lagt på flukt. Norske kommuner har som konsekvens av denne konflikten gjennom en imponerende innsats bosatt et stort antall flyktninger. UDIs anslag for ankomster i 2024 er fortsatt høye. Vi er avhengig av kommunenes vilje og mulighet til å bosette og integrere flyktninger for å lykkes. Flere kommuner enn i fjor har gitt tilbakemeldinger til IMDi om at de i mindre grad enn tidligere har kapasitet til å bosette flyktninger. En av utfordringene kommunene trekker frem er tilgang på bolig og hvordan kommunens rolle i leiemarkedet påvirker priser og tilgang på leieboliger.
For at integrerings- og bosettingsarbeidet skal være mulig å håndtere for kommunene er de avhengige av at sentrale myndigheter kontinuerlig lytter til behovene kommunene har og hvilke verktøy de trenger for å løse oppgaven.
Oslo kommune har de to siste årene bosatt 4 000 flykninger. Det har de blant annet klart å håndtere fordi det var mulig å rehabilitere kommunale bygg og bygge om til boliger og fordi det ble gitt tilskudd til utleieboliger. Det ble også gitt unntak fra plan og bygningsloven som muliggjorde rehabilitering av boliger på tomter som ikke er regulert til boligformål.
Mange kommuner opplever at utfordringen med tilgang på leieboliger fortsatt er aktuell og at tilgang på bolig er avgjørende for å kunne bosette flyktninger. Dessverre videreførte ikke regjeringen tilskuddet til utleieboliger, og har i stedet økt lånerammene til Husbanken. Kommuner som Oslo sliter ikke med gode lånebetingelser, men har behov for tilskudd. Hvis tilskuddet til utleieboliger gjeninnføres, har kommuner også behov for at boliger som settes opp i tråd med unntaksbestemmelsene i plan- og bygningsloven blir omfattet av tilskuddet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Russlands angrepskrig mot Ukraina fører til store menneskelege lidingar. Millionar av menneske har måtte forlate heimane sine.
Regjeringa ønskjer at flyktningane som kjem skal få trygge og gode opphald, og at dei skal kome raskt i arbeid og kunne forsørgje seg sjølve. Busetjinga av fordrivne frå Ukraina har gått bra, sjølv om vi no har hatt to år med rekordhøge innkomstar. Kommunane har lagt ned ein formidabel innsats og busett over 65 000 flyktningar sidan februar 2022. Dette er rekordhøge tal, og eg er imponert over jobben kommunane har gjort og framleis gjer. Det var ikkje gitt at kommunane skulle klare å handtere så mange innkomstar i ein så kort tidsperiode. Norske kommunar er bedne om å busetje 37 000 nye flyktningar i 2024, og vil innan sluten av februar svare IMDi om dette.
Med så høge innkomstnivå, kjem også ei rekkje utfordringar. Kommunane melder om stort press på kommunale tenester, og vi er klar over at det for fleire kommunar no er utfordrande å få tak i nok bustadar til flyktningar og andre vanskelegstilte grupper. Det er også stort press på leigemarknaden, særleg i dei største byane. Dette er ei problemstilling som regjeringa tek på alvor. For tida arbeider regjeringa med ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk, der leigemarknaden blir eit av fleire viktige tema. Vi tar sikte på å leggje fram meldinga våren 2024.
Eg er oppteken av at kommunane skal ha dei naudsynte verktøya for å kunna halda fram med å busetje flyktningane som kjem. I 2024 vart låneramma til Husbanken auka til 29 milliardar kroner. Dette er det høgaste nivået på fleire tiår, og under regjeringa vår har låneramma auka med til saman 10 milliardar kroner. Med den høge låneramma kan Husbanken gi lån til kommunar og utbyggjarar til å skaffa fleire utleigebustader. Det tyder òg at fleire husstandar kan få startlån til å kjøpe seg bustad.
Regjeringa jobbar målretta med å skaffe fleire utleigebustadar, som kan redusere presset på utleigemarknaden. I fjor lanserte vi boligdugnaden.no. Føremålet er at det skal bli enklare for enkeltpersonar å gjere bustadane og fritidsbustadane sine tilgjengelege for utleige.
Tilbakemeldingane eg har fått, er at dette har vorte godt motteke, og at fleire kommunar finner boligdugnaden nyttig i sitt arbeid med å skaffe utleigebustader. Vi har også gjort det lettare å leige ut mellom anna fritidsbustadar, gjennom mellombelse endringar i plan- og bygningslova og husleigelova. Endringane inneber at kommunane kan gi unntak frå arealformål eller planavgjerder, for å sikre rask etablering av flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar og skular.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart tilskot til utleigebustadar mellombels gjeninnført. Tilskotet er eit av fleire verkemiddel me har for å hjelpe kommunane å skaffa fleire utleigebustadar. Samtidig er regjeringa oppteken av å føre ein økonomisk politikk som motverkar den høge prisveksten, og vi har derfor vore nøydde til å gjere harde prioriteringar, også på bustadområdet. Eg følgjer bustadsituasjonen i kommunane nøye og gjer ei kontinuerleg vurdering av kva tiltak som er naudsynte og når, og dette inkluderer tilskotet til utleigebustadar. Eventuelle endringar vil kome i den ordinære budsjettprosessen.