Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1097 (2023-2024)
Innlevert: 31.01.2024
Sendt: 01.02.2024
Besvart: 08.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): I 2017 kunngjorde regjeringa sitt syn på at dei delane som gjaldt HOFO ikkje er EØS-relevant.
Kan statsråden bekrefte at regjeringens beslutningen fra 2017 ligg fast, og at dette ikkje vil bli gjenstand for forhandlingar?

Begrunnelse

Fra Stortingets EU/EØS-nytt 19 jan 2024 les vi at det på ny kan vera strid om helikoptertransport på norsk sokkel, sett i lys av EØS-regelverket. Dette er med basis i ein artikkel i Fri Fagbevegelse der det kjem fram at EU presser på for at regelverket om helikoptertransport offshore (HOFO) skal inn i EØS avtalen. Regelverket er teke inn i ein forordning frå 2016, og det rår no ei usikkerheit om at regelverket vil gje dårlegare tryggleik fordi operatørane skal godkjennes av luftfartsmynde i staten ein er heimehøyrande, slik at det ikkje lenger kan kreves særskilt norsk godkjenning.
Vi viser vidare til EØS-notat om Offshore helikopter-fordiningen datert 20.04.2023 og pressemeldingen om same sak fra 2017 (104/17), og forstår det slik at Norges posisjon i høve denne regelverkspakken til no har vore klart. Det er godt argumentert frå norsk side om kvifor vi ser det slik.
Det har nylig blitt kjent at denne regelverkspakken kan bli gjenstand for forhandlinger mellom Norge og EU-kommisjonen, blant annet gjennom oppslag i media. (Aftenbladet, 24.01.2024 og Fri Fagbevegelse).

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Europakommisjonen har nyleg teke kontakt med Noreg via EFTA-sekretariatet for å diskutere den EØS-rettslege statusen til forordning (EU) 2016/1199 (HOFO-forordninga). Forordninga er ikkje innlemma i EØS-avtalen.
Utspelet frå Kommisjonen er at EU ikkje er einige i det standpunktet Norge og EØS/EFTA inntok i 2017.
Av respekt for dialogen med kommisjonen meiner eg det er galt å uttale meg om dei enkelte argumenta som er tema i samtalane. Samstundes er det heilt sentralt å ikkje skape unødig uro for dei tilsette i offshorenæringa og i helikopterbransjen. Dei skal derfor vite at det er regjeringas klare standpunkt at alle moglege løysingar må ta hand om det høge tryggleiknivået vi har oppnådd etter mange års systematisk arbeid.
Politisk leiing i Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet har nyleg hatt møte med representantar for dei tilsette i bransjen. I møtet var dei hensyna du tar opp heilt sentrale. Eg meiner difor at regjeringa har god kunnskap om synspunkta til dei som denne saka har størst følgjer for, og eg vil framleis ha løypande kontakt med dei så langt det let seg gjere.