Svar
Kjersti Toppe: I grunngjevinga for spørsmålet visast det til oppslaga i Vårt Land om trussamfunnet Samfundet. Saka i Vårt Land omhandlar læreverk som er i bruk ved dei private skulane som Samfundet driv. Private skular og verksemda der fell inn under ansvaret til kunnskapsministeren. Eg viser difor til at spørsmålsstillaren sitt innsendte spørjetimespørsmål om undervisinga ved skulane til Menigheten Samfundet, som kunnskapsministeren vil svara på.
Når det gjeld spørsmålet om kva som fell inn under ramma av kva som er akseptabelt eller lovleg trus – og livssynsutøving, så er det statsforvaltar som forvaltar tilskota til tru- og livssynssamfunna, og fører tilsyn etter trussamfunnslova. Barne – og familiedepartementet er klageinstans i slike saker. Det gjer også at eg ikkje kan uttale meg om konkrete saker. Generelt kan eg seie at trus- og livssynsfridomen er noko av det mest grunnleggjande for eit menneske og står difor i ei særstilling blant menneskerettane. Religions-, tanke- og samvitsfridomen er ein føresetnad for eit demokratisk samfunn. Å ha ei religiøs eller ikkje-religiøs overtyding, og å skifte religion eller overtyding, er derfor også ein absolutt rett og ein fridom det ikkje kan gjerast inngrep i. Tilgangen til å gi uttrykk for sin religion eller sitt livssyn, åleine eller saman med andre, kan avgrensast ved lov mellom anna for å sikre rettane og fridomane til andre.
Samfunn som er registrerte og krev tilskot etter trussamfunnslova, kan nektast tilskot og/ eller registrering, om dei, eller personar som opptrer på vegner av samfunnet, «utøver vold eller tvang, fremsetter trusler, krenker barns rettigheter, bryter lovbestemte diskrimineringsforbud eller på andre måter alvorlig krenker andres rettigheter og friheter», jf. trussamfunnslova § 6.
Når det gjeld krenkinga av barns rettar, så omfattar det dei som staten er forplikta til å vareta etter Barnekonvensjonen. Føresegna må avvegast mot barnas og foreldranes religions- og livssynsfridom. Den er heller ikkje i utgangspunktet til hinder for ulikt syn på oppseding eller verdsbilete. Døme på krenkingar som kan gi grunnlag for å nekte tilskot kan vere negativ sosial kontroll som rettar seg mot barn, psykisk vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller æresvald.
Samfunn som bryt «lovbestemte diskrimineringsforbud» kan også nektast tilskot. Diskrimineringsforboda omfattar dei til ei kvar tid gjeldande føresegner som forbyr diskriminering. Likestillings- og diskrimineringslova forbyr diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Lova gjeld på alle samfunnsområde, også i trus- og livssynssamfunn, til dømes når eit samfunn er arbeidsgjevar, driv undervising eller arrangerer møte. Det kan berre gjerast unntak om samfunnet, eller personar som opptrer på samfunnets vegne, grunngir forskjellsbehandlinga i det grunnleggjande verdisynet eller læra til samfunnet.