Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1156 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Besvart: 09.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva andre prosjekt under Statens vegvesen sin regi, der såkalla "referansegrupper" blir nytta og eg ber om at det vert lagt ved mandat til desse gruppene og at alle referat frå desse møta frå 1/1-2023 og fram til i dag blir lagt fram?

Begrunnelse

Det er kome opplysningar frå Statens vegvesen at det er fleire prosjekter i landet der Statens vegvesen praktiserar såkalla "referansegrupper", og dette gjer meg svært betenkt og bekymra med bakgrunn i mangelen på demokratiske prosessar.
I referansegruppen til Møreaksen er der teke med alt frå kommunar, private aksjeselskap, lobbygrupper, og kun dei som er for dette prosjektet og som framsnakkar Statens vegvesen si roller og synspunkt i saker som faktisk ikkje endeleg er vedteke av Stortinget.
Enda verre er dette når til dømes Møreaksen saka er svært betent der stor delar av befolkninga i Møre og Romsdal slett ikkje vil ha dette prosjektet, og dei som er imot dette sløseriprosjekt rett og slett ikkje får arenaer for å kunne bli hørt.
Det må i denne samanhengen problematiserast sterkt habiliteten til Statens vegvesen som også skal legge fram si tilråding til vegdirektøren og vidare til regjering i ulike saker slik som til dømes NTP.
Det blir svært uryddig og udemokratisk når kun den "eine sida" av slike saker blir løfta fram og "dyrka" der folket eller andre aksjonsgrupper, selskap eller kommunar med andre konkurrerandes prosjekt ikkje får delta i slike "referansegrupper".
At skattebetalarane sine pengar kan bli brukt til at Statens vegvesen kan holde på slik som ein "stat i staten" og får hjelp av lobbygrupper og partsgrupper for enkeltprosjekt som Statens vegvesen brenn for, er sterkt kritikkverdig. Enda verre er det at desse referansegruppene blir brukt for å skape blest og lobbe inn mot både sin eigen vegdirektør, regjering og Storting samt anna politisk leiing, noko som mildt sagt er svært tvilsamt og kan umogeleg vere i tråd med habilitetsregelverket.
Referat frå desse møta er heller ikkje offentlege, og det meste ikring denne måten å jobbe på framstår meir eller mindre som eit lukka "kartell".

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg ønskjer først å understreke at eg meiner det er viktig og riktig at Statens vegvesen bruker sin kompetanse i lokale prosessar for å leggja til rette for gode avgjerder lokalt, regionalt og nasjonalt. Eg legg til grunn at Statens vegvesen har ein klar forståing av sin rolle.
I referansegrupper og organisasjonar for anten eit enkeltprosjekt eller eit område, bidreg Statens vegvesen med faktainformasjon om prosjekta, status for planlegging, kostnader, løysingar m.m. I den grad såkalla lobbyorganisasjonar nyttar referansegrupper for å få informasjon om Statens vegvesens arbeid, kan Statens vegvesen sjølvsagt delta i desse. Døme på prosjekt der Statens vegvesen har delteke i slike referansegrupper er Hordfast AS og Foreningen for Fjordveien Riksveg 13.
Statens vegvesen organiserer også sjølv referansegrupper i samband med større utgreiingar, til dømes konseptvalutredningar eller større planprosjekt. I slike tilfelle gjennomfører Statens vegvesen ein interessentanalyse. Viss det anslåast eit behov for ei gruppe med interessentar og primærbrukerane av område kan det opprettast. Døme på interessentar og primærbrukarar er kommunar, miljøorganisasjonar, trafikantar og næringsliv. Desse referansegruppene gir interessentane informasjon og moglegheita til medverknad. Eit døme på eit møte var i anledning KVU E39 kryssing av Bømlafjorden i 2022.
Dette arbeidet kjem i tillegg til ordinære medverknadsprosessar som er pålagde etter plan- og bygningslova og skal sikre at utgreiinga byggjer på god kunnskap og for å gi viktige interessentar fortløpande informasjon og innsikt om prosjekta.
Statens vegvesen deltek også i grupper i samband med samarbeid og oppfølging av byvekstavtalar. Eit døme på det er Miljøløftet for Bergensområdet. Statens vegvesen er her med i fleire grupper; styringsgruppe, prioriteringsråd, samordningsfunksjon og arbeidsgruppe. Eg oppmodar representant Sve til å besøke nettsida til Miljøløftet, der føreligg det mandat for gruppene.