Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1231 (2023-2024)
Innlevert: 13.02.2024
Sendt: 14.02.2024
Besvart: 20.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Hvilken oversikt har statsråden over antallet som er rammet av den såkalte fedrekvotefellen siden 2007, og hva gjøres aktivt fra departementets og NAVs side for å sikre en fullverdig oversikt over personer som er rammet?

Begrunnelse

Høyesterett kom frem til like før jul at NAVs praktisering hvor far eller medmor møtte søke om utsettelse senest siste dag i mors uttaksperiode ikke var i tråd med loven. Konsekvensen av feilpraktiseringen fra NAV har vært at mange fedre og medmødre som ikke søkte innen denne fristen, har mistet han retten til foreldrepenger for en periode tilsvarende forsinkelsen.
NAV har tidligere lagt frem tall på hvor mange som er omfattet av denne såkalte «fedrekvotefellen», men kun for årene 2019, 2020 og 2021.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg tolkar det slik at representanten ber om status på omfanget av identifiserte per no, og ei orientering om vidare arbeid for å sikre at ein får oversikt over alle som er råka av praktiseringa.
Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at dei i identifiseringa av råka personar, må skilje mellom vedtak som vart behandla i ny og eldre sakshandsamingsløysing. NAV fekk ny sakshandsamingsløysing for foreldrepengar i 2019. Datagrunnlaget i løysinga som vart nytta før 2019 gir ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å identifisere dei som er råka. NAV skil på den bakgrunn mellom identifisering før og etter 2019.
I perioden 1. januar 2019 til 30. september 2021 er det identifisert om lag 5 500 personar som er råka av praktiseringa. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at dei tidlegare òg har gått ut med anslag og at tidlegare anslag kan avvike frå no gitte anslag. Det skuldast at tidlegare anslag berre var basert på eit uttrekk.
Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at dei forbereder automatisk utsending av brev til dei identifiserte, med informasjon om at NAV tek saka deira opp til ny vurdering. Sakshandsaminga er delvis manuell, då det må vurderast om andre vilkår er oppfylt. For dei som er handsama i eldre sakshandsamingsløysing arbeidar NAV med korleis dei best kan identifisere og nå desse.
NAV arbeidar aktivt og så hurtig som mogleg for å gjere dei nødvendige oppfølgingane etter dommen frå Høgsterett. Det er opplyst at arbeidet med å identifisere alle som er råka er krevjande grunna det utilstrekkelege datagrunnlaget i den eldre sakshandsamingsløysinga.
Eg er opptatt av at saka får ei god oppfølging, og vil ha dialog med direktoratet om dette.