Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1235 (2023-2024)
Innlevert: 13.02.2024
Sendt: 14.02.2024
Besvart: 21.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hva har statsråden foretatt seg for å starte et arbeid med å se på en eventuell etablering av et kompetansesenter for barn og unges medvirkning siden mars 2023?

Begrunnelse

17. januar 2023 gjennomførte Barne- og familiedepartementet ett innspillsmøte om barns medvirkning. I etterkant sendte Barneombudet er brev til departementet hvor de ber regjeringen etablere er kompetansesenter for barn og unges medvirkning.
Barns rett til å bli hørt er slått fast i FNs barnekonvensjon artikkel 12. Den gjelder både på individnivå og på systemnivå. Staten er forpliktet til å tilrettelegge for at barn får mulighet til å fremme sine synspunkter i utviklingen av all politikk som vedrører dem. Plikten til å sikre medvirkning fra barn og unge er en sterk forpliktelse for staten.
De senere årene har det blitt en større forståelse for betydningen av, og dermed viljen til, å ha med barns synspunkter som del av kunnskapsgrunnlaget. Likevel er situasjonen i dag at medvirkning fra barn og unge i stor grad er overlatt til en rekke ulike aktører, og at myndighetene i en del tilfeller mangler tilstrekkelig kvalitetssikring av bestillingene.
Både Forandringsfabrikken og Landsforeningen for barnevernsbarn er gode eksempler på stemmer som er viktig å lytte til i mange prosesser. Men ofte er det et ønske om at flere stemmer kommer til orde i ulike sammenheng.
Departementet svarte i et skriv 31. mars 2023 at de ville følge opp og utrede en eventuell etablering av et kompetansesenter for barn og unges medvirkning.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er ein viktig føresetnad for god politikkutforming og tenesteutvikling for barn og unge. Retten til medverknad er teken inn i Grunnlova, og barnekonvensjonen pålegg staten å sikre at barn får uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet.
I statsbudsjettet for 2024 står det at departementet vil «vurdere innhald og prioriteringar for å styrkje arbeidet med medverknaden til barn og unge på systemnivå». Eg vil forsikre representant Pettersen om at vi i dette arbeidet jobber for å kunne realisere eit kompetansesenter for medverknad frå barn og unge. Eg vil i den forbindelse også vise til at Solberg-regjeringa ikkje ønska å opprette eit slikt senter, men at eit slikt kompetansemiljø for medverknad skulle i varetakast gjennom vidareutvikling av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), jf. dokument 8:98 S (2015-2016), Innst.154 S ( 2016-2017).
Eg vil understreke at Bufdir skal vere ein pådrivar for at offentlege styresmakter involverer barn og unge både i einskildsaker og i medverknadsprosessar på systemnivå. Rettleiinga frå Bufdir om korleis ein involverer barn og unge i medverknadsprosessar på systemnivå er nyttig for tilsette i statsforvaltinga, fylkeskommunar og kommunar. Bufdir har ei femårig satsing på «Ung medverknad for betre oppvekstvilkår». Som ein del av dette prosjektet har Rambøll utarbeidd rapporten; «Kartlegging av medverknad på systemnivå». Rapporten har mellom anna sett på korleis ungdomsråd fungerer i kommunane samt kva for statlege og regionale medverknadsorgan- og strukturar som allereie er etablert og korleis desse er organisert. Dette vil vere viktig kunnskap å ha med i utgreiinga vi no gjer for mogleg etablering av eit nasjonalt kompetansesenter.
For å sikre medverknad frå barn og unge i alle prosesser som angår dei er ein nøydt til å ha god forankring og godt samarbeid på tvers av sektorgrenser – både på statleg nivå og i kommunane. Departementet har løfta problemstillinga om barn og unges medverknad i «Kjernegruppa for utsette barn og unge» som består av sju departement. Gjennom kjernegruppa er alle sju departement mellom anna bede om å gi ei framstilling av sektorlovgjeving for medverknad frå barn og unge på systemnivå – og å identifisere behova den einskilde sektor har for å sikre tilstrekkeleg medverknad.
Både rapporten frå Bufdir og rapporteringa frå departementa vil vere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i departementet sitt vidare arbeid med å realisere eit kompetansesenter. I dette arbeidet vil ein også vurdere behovet for og eventuell innretting av ein nasjonal ungdomsråd.