Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1268 (2023-2024)
Innlevert: 16.02.2024
Sendt: 16.02.2024
Besvart: 22.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hva konkret mener statsråden det kommunale barnevernet skal foreta seg de gangene Bufetat ikke klarer å innfri sin pålagte bistandsplikt, og er dagens lovverk utformet for å håndtere sike situasjoner godt nok?

Begrunnelse

Oppvekstutvalget i Skien kommune ber i et skriv om at barne- og familieministeren tar grep og sørger for at Bufetat oppretter de nødvendige barnevernsplassene som trengs. De ber om at det nå tas raskt grep for å sikre at det snarlig opprettes akuttplasser i barnevernet. Utvalget skriver at Bufetat det siste året har manglet ledige akuttplasser, og at dette har medført at mange unge med store atferdsproblemer regelrett har blitt satt på gaten.
Bufetat har plikt til å bistå kommunene når det bes om et plasseringstiltak i institusjon. Men det er de kommunale tjenestene som har ansvaret for det enkelte barn, også når Bufetat ikke klarer å ivareta bistandsplikten. Dette er en svært krevende situasjon for mange kommuner.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Bufetat skal tilby ein forsvarleg institusjonsplass når kommunen ber om det. Eg ser svært alvorleg på det dersom dei ikkje klarer dette, eller dersom tilbodet ikkje blir tilbydd raskt nok. Desse sakene gjeld nokre av dei mest sårbare barna i samfunnet, og vi er nøydde til å ha eit tilstrekkeleg og godt tilbod for dei.
Regelen er at bistandsplikta skal bli innfridd. I tilfelle der Bufetat ikkje klarer dette, skal Bufetat og kommunane ha løpande dialog om situasjonen. Bufetat er gitt tydelege føringar om å sikre dialog, rettleiing og støtte til dei kommunale barnevernstenestene i kvar einskild sak.
Det viktigaste tiltaket for å bidra til at brot på bistandsplikta ikkje skjer, er å auke kapasiteten i tilbodet av institusjonsplassar, beredskapsheimar og fosterheimar. Det blei satt av betydelege midlar, til saman 260 mill. kroner, til det statlege barnevernet i RNB for 2023. Budsjettet for 2023 blei ytterlegare auka med om lag 380 mill. kroner i ein tilleggsproposisjon på hausten, og kapasiteten i tilbodet har blitt betre.
I 2024-budsjettet er det løyva om lag 700 millionar kroner til ei samla styrking av det statlege barnevernet, fordi fleire barn har behov for tiltak i barnevernsinstitusjon, barna har større behov enn tidlegare og prisane på tiltak frå private leverandørar aukar.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet laga i fjor sommar ein tiltaksplan for auka beredskapsevne og kapasitet i institusjonsbarnevernet, og departementet følgjer situasjonen tett. Departementet har òg lansert ein tiltaksplan for rekruttering av fosterheimar.