Alfred Jens Bjørlo (V): Vil Kunnskapsministeren sørge for å utsetje ikraftsetjinga av eit evt påbod om at fylkeskommunen skal fastsetje eit hovudmål for den vidaregåande skulen (ny opplæringslov §15-2) i påvente av ei utgreiing av følgjene dette kan ha for nynorsken, slik eit samla Fylkesutval i Vestland fylkeskommune har bedt om?
Begrunnelse
I ny opplæringslov ligg det i § 15-2, første avsnitt, ein regel om at fylkeskommunene skal fastsetje i forskrift kva som skal vere hovudmålet i fylket (bokmål eller nynorsk), i dei vidaregåande skulane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg undervisning og i kommunikasjon mellom tilsette og føresette. Lovendringa rører ikkje ved eleven sin rett til å sjølv velje hovudmål.
Lærarane i dei vidaregåande skulane har tidlegare hatt fridommen til å nytte den målforma dei vil, anten det er bokmål eller nynorsk. Noregs Mållag har vore tydelege på at lærarane framleis bør ha fridomen til sjølv å velje kva undervisningsspråk dei ville nytte.
I praksis vil ei endring der ein tvingar alle lærarar ved ein skule til å bruke t d bokmål som sitt hovudmål, truleg føre til mindre bruk av nynorsk på ein naturleg måte for den store gruppa elevar som ikkje har nynorsk som hovudmål. For å bli trygge på nynorsk som sidemål, er det viktig å auke eksponeringa for nynorsk som elevar i vidaregåande skule får.
Så langt underteikna er kjend med, er det ikkje utgreia korleis den nye lovregelen vil slå ut for nynorsk. Mange elevar skiftar frå nynorsk til bokmål i løpet av skuleløpet. Å skape trygge tilhøve for nynorsk som skriftspråk er eit viktig nasjonalt språkpolitisk mål, og det er ingen grunn til «uforvarande» å innføre nye lovreglar som kan svekke nynorsken sin posisjon utan at dette er utgreidd.
Eit samla Fylkesutval i Vestland fylke, inkludert regjeringspartia, vedtok 15. februar å be Kunnskapsministeren utsetje ikraftsetjinga av eit evt påbod om at fylkeskommunen skal fastsetje eit hovudmål for den vidaregåande skulen i påvente av ei utgreiing av følgjene dette kan ha for nynorsken.
Eg og Venstre vil sterkt oppmode Kunnskapsministeren til å følgje denne oppmodinga frå Vestland fylkeskommune.