Skriftlig spørsmål fra Sivert Bjørnstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1297 (2023-2024)
Innlevert: 19.02.2024
Sendt: 19.02.2024
Besvart: 26.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Sivert Bjørnstad (FrP)

Spørsmål

Sivert Bjørnstad (FrP): Hvor mange statlige arbeidsplasser er flyttet fra Oslo til Trondheim de siste to årene?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Denne regjeringa har endra retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Det klare målet er å leggje til rette for at statlege arbeidsplassar kan styrke fleire regionale arbeidsmarknader og bidra til ein jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar i Norge. Den statlege lokaliseringspolitikken skal blant anna medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokalisert utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.
Departementet har oversyn over etableringar og flyttingar i offentleg sektor som er omfatta av retningslinjene. Om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar er omfatta av retningslinjene.
Retningslinjene er ikkje brukt for å flytte arbeidsplassar frå Oslo til Trondheim, men det betyr ikkje at regjeringa ikkje har satsa på Trondheim. Regjeringa har lokalisert 10,5 årsverk til Trondheim gjennom lokalisering av Sekretariatet for Kirkebevaringsfondet. Ut over dette er det ikkje flytta arbeidsplassar til Trondheim frå Oslo dei siste to åra.