Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1307 (2023-2024)
Innlevert: 21.02.2024
Sendt: 21.02.2024
Besvart: 27.02.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hva vil statsråden gjøre for å unngå tap av stillinger og i verste fall nedleggelse av en eller flere avdelinger ved NMBU Sandnes?

Begrunnelse

Forsknings- og høyere utdanningsministeren og landbruksministeren besøkte NMBU Sandnes 12. februar, etter henvendelse fra Rogaland fylkeskommune og Sandnes kommune om bekymring for konsekvenser av nedskjæringer og kutt i stillinger ved NMBU Veterinærhøgskolen sin seksjon i Sandnes.
En svekkelse av seksjonen med dens avdelinger er i strid med Statens langsiktige satsning på fagmiljøet i Sandnes som leverer viktig undervisning av veterinærstudenter i tillegg til forskning og innovasjon.
Da Kunnskapsdepartementet foreslo flytting av Veterinærhøgskolen, ble det i St.prp. nr. 30 (2007–2008) s. 2 uttalt at:

«Regjeringa føreset at avdelinga i Sandnes blir utvikla vidare ved ei lokalisering av NVH til Ås».

Utfordringene med tilgang på veterinærer til produksjonsdyrpraksis har økt markant, ifølge Rapport om tilgang på veterinærtjenester i Norge (2023). NMBU Sandnes fokuserer på opplæring innen produksjonsdyrartene sau og gris. Seksjonen har egen saueflokk, laboratorium og obduksjonssal som gir svært gode forutsetninger for praktisk undervisning. Nærhet til produksjonsdyr i område med mange gårdsbruk er viktig med tanke på feltundervisning i husdyrsykdommer og tilgang til materiale for obduksjon.
Fra og med 2016 har Staten styrket seksjonen over Kunnskapsdepartementets budsjett, en viktig politisk satsning på bærekraft, veterinærmedisin og One Health. Seksjonen ble framhevet av akkrediteringsorganet EAEVE i 2023 for sine gode fasiliteter for praktisk opplæring. SEARCH er nå et internasjonalt forsknings- og utdanningssenter.
I styresak 23/05403-1 (Veterinærfakultetets styremøte 26.10.2023): Veterinærhøgskolen skal finne tiltak som bedrer økonomien med minst 30 mill. kroner. Man har besluttet å vurdere kutt ved seksjonen i Sandnes. Dette er ikke i tråd med Statens strategiske satsning, ref. St.prp. nr. 30 (2007-2008) og tilleggsbevilgninger gitt «for en varig styrking av fagmiljøet ved NMBU Sandnes og SEARCH».

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Eg ser det slik at spørsmålet ligg svært nær i intensjon til det representanten Kristjánsson stilte til meg 12. februar, og som eg svarte på 19. februar (Dokument nr. 15:1213 (2023–2024)). Eg tillet meg derfor å sitere dette svaret, då eg meiner at det er dekkande for tilnærminga eg som statsråd har til dette, og politikken regjeringa fører for å sikre at vi når dei overordna måla for forskings- og høgare utdanningspolitikken:

«Eg har stor tru på at Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) gjer gode prioriteringar slik at den samla verksemda blir innretta slik at vi når dei måla vi har sett oss for både høgare utdanning og forsking. I perioden 2016–2019 har Stortinget løyvd til saman 30 mill. kroner til nybygg, utstyr og inventar ved SEARCH-senteret over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Frå og med 2019 blei rammeløyvinga til NMBU varig auka med 10 mill. kroner for å styrke fagmiljøet ved NMBU Sandnes og SEARCH-senteret.
Samstundes vil eg understreke at eg meiner det er dårleg styring av heilskapen i forsking og høgare utdanning dersom regjering og Storting skal legge for detaljerte føringar på dei prioriteringane vi etter prinsippa for rammefinansiering, styring etter kvalitet, tillit og ansvar, har lagt til alle universiteta og høgskulane å gjere for å nå dei overordna måla for forskings- og høgare utdanningspolitikken:

- Høg kvalitet i utdanning og forsking
- Berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon
- God tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet

Dette er eit styringsprinsipp som Stortinget seinast slutta seg til i handsaminga av stortingsmeldinga i 2020 om statleg styring av universitet og høgskular og stortingsmeldinga i 2022 om utsyn over kompetansebehovet i Noreg. Representanten spør kva eg vil gjere for å sikre at NMBU følger opp satsinga i Sandnes. Svaret mitt er at eg vil halde fram arbeidet til regjeringa med å gi meir tillit og ansvar til universitet og høgskular for å sikre høg kvalitet og tilgjenge til forsking og høgare utdanning i heile landet. Dette meiner eg vi gjer best ved å lage gode budsjettframlegg til Stortinget for sektoren, til dømes slik som i 2024 der det blir flytta midlar frå søknadsbaserte ordningar direkte inn i rammeløyvinga til universitet og høgskular. På denne måten aukar vi handlingsrommet for universitet og høgskular til sjølve å vurdere kva prioriteringar som gir best måloppnåing og resultat, basert på deira eigne vurderingar av behova i samfunnet sett opp mot eigen portefølje. Eg er trygg på at NMBU vil ta med seg bidraga frå miljøet i Sandnes til både forsking og utdanning i vurderinga når dei i åra framover skal legge sine interne budsjettprioriteringar.»