Skriftlig spørsmål fra Irene Ojala (PF) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1309 (2023-2024)
Innlevert: 21.02.2024
Sendt: 21.02.2024
Besvart: 26.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Irene Ojala (PF)

Spørsmål

Irene Ojala (PF): Mener statsråden at Norske kveners forbund med dette er tildelt en reell økning på 2 mill. kroner, jf. budsjettavtalen, og at Stortingets vedtak er fulgt opp i tråd med intensjonene?

Begrunnelse

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2024 etter budsjettforliket mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti å øke bevilgningen til Norske kveners forbund med 2 mill. kroner og til kvensk språk og kultur med 3 mill. kroner, en total økning på kap. 567 post 73 med 5 mill. kroner, sammenlignet med regjeringens forslag til statsbudsjett for 2024.
I følge Ruijan Kaiku er Norske kveners forbund nå tildelt 2 mill. kroner over post 73, mens bevilgningen over post 70 er redusert i forhold til 2023, og dermed er den totale økningen fra 2023 til 2024 på 1,13 mill. kroner.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Frå 2023 er forvaltinga av alle tilskotsordningar til nasjonale minoritetar samla hos Kulturdirektoratet. Direktoratet si forvalting skal vere i tråd med reguleringane i forskriftene for dei enkelte tilskotsordningane og tildelingsbreva frå departementet. I tildelingsbrevet for 2024 er Kulturdirektoratet gjort merksam på at Stortinget har bevilga eit særtilskot på 2 millionar kroner til drift av Norske kveners forbund over kap. 567 post 73.
Norske kveners forbund har i tråd med Stortinget sitt vedtak motteke 2 millionar kroner over post 73 for 2024, men Kulturdirektoratet har redusert driftsstøtta til forbundet over post 70 med 870 000 kroner. Direktoratet gjer kvart år ei vurdering av korleis midlane på denne posten skal fordelast til dei ulike organisasjonane som søkjer, basert på krava i forskifta og innhaldet i søknadene.
Kulturdirektoratet har høve til å gjere vedtaka sine innanfor dei reguleringane som er gitt. Søkjarane har på si side rett til å klage på vedtaka. Kommunal- og distriktsdepartementet er overordna klageorgan for tilskotsordningane. Det vil difor ikkje vere rett av meg å gå nærare inn på den konkrete tildelinga før departementet skal handsame ei eventuell klagesak.