Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1310 (2023-2024)
Innlevert: 21.02.2024
Sendt: 22.02.2024
Besvart: 04.03.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hva vil ministeren helt konkret gjøre for at utsatte barn skal få bedre helsehjelp og ikke bli kasteballer i systemet, og hvordan vil hun følge opp denne rapporten?

Begrunnelse

Tilsynsrapporten etter at tvillingene Mina og Mille døde under barnevernets omsorg konkluder med at tvillingene ikke fikk forsvarlig helsehjelp:

«Ledelsen i Indre Østfold kommune sørget ikke for at helse- og omsorgstjenesten ga Mina og Mille forsvarlige tjenester, og at de i tilstrekkelig grad samarbeidet med andre tjenester. Kommuneledelsen fulgte ikke med på om tjenestene var forsvarlige. De hadde informasjon om jentenes situasjon, men sørget ikke for at jentene og familien fikk tilpasset hjelp og oppfølging til rett tid.»

Ministeren har selv uttalt følgende til NTB i denne sammenhengen:

«Rapporten viser at barnevernet har levert forsvarlige tjenester, men helsehjelpen jentene fikk, var ikke forsvarlig. Det viser hvor galt det kan gå med barn om helsehjelpen til barn i barnevernet ikke er forsvarlig.
Tilsynsrapporten fra Statsforvalteren i Vestland er svært alvorlig. To jenter har mistet livet mens de fikk tjenester fra barnevernet og helsetjenestene. Det er dypt tragisk, og rapporten viser hva som sviktet. Jeg tar på stort alvor det som kommer fram.»

For å få forsvarlig hjelp må det være kapasitet i helsevesenet. Nå har det ikke vært lengre helsekøer siden under den forrige rødgrønne regjeringen i 2013. Det er alvorlig, og bør være et moment regjeringen bør vurdere på høyeste alvor i denne sammenhengen.
Det er bra at ministeren tar dette på stort alvor, men jeg tror allmennheten etterlyser konkrete tiltak fra regjeringen for å unngå at en slik tragedie skal skje igjen.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Rapporten representanten viser til, er tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren i Vestland, som har ettergått om tvillingane Mina og Mille fekk forsvarlege tenester før dei døyde i januar 2023. Rapporten konkluderer med at barneverninstitusjonen og barnevernet leverte forsvarlege tenester, medan helsehjelpa jentene fekk i kommunen og i spesialisthelsetenesta i Sjukehuset Østfold HF ikkje var forsvarleg. Statsforvaltaren skriv (v)i meiner barnevernstenesta fekk for stort ansvar for oppfølginga av jentene fordi dei ikkje hadde høve til å avgrense sine oppgåver slik andre tenester gjorde. Statsforvaltaren viser til bistandsplikta som pålegg Bufetat å levere eit forsvarleg tilbod, også i dei tilfella ressursane som krevst, ligg i andre sektorar. Tilsynet viser tydeleg den store risikoen det er om barnevernet blir ståande aleine med ansvaret for barn med store behov for helsehjelp.
Dette er ikkje den første rapporten som viser kor gale det kan gå når samarbeidet mellom tenestene ikkje fungerer godt nok, eller når det er uklare ansvarsområde. Fleire andre rapportar og offentlege utgreiingar, slik som Svikt og svik frå 2017, har vist det same.
Det er ein av grunnane til at denne regjeringa sette ned eit utval som skulle greia ut institusjonsbarnevernet og føreslå nødvendige endringar i tilbodet. Utvalet leverte sin rapport i haust, NOU 2023:24 Med barnet hele vegen, og er klare i si tilråding om meir forpliktande samhandling, men óg ei tydelegare ansvarsdeling. Barnevernsinstitusjonsutvalet har fleire forslag retta mot både helse- og barnevernssektoren. Disse har til formål å sikre at barn får hjelp frå rett sektor, at behov og ressursar blir godt kartlagde, og at barna også får den helsehjelpa dei treng medan dei bur på barnevernsinstitusjon. Helse- og omsorgsministeren og eg vil saman vurdere desse forslaga.
Eit sentralt forslag frå utvalet er at alle barnevernsinstitusjonar skal ha eit helseteam frå spesialisthelsetenesta knytt til seg. Helseteamet skal både kartleggje barna, følgje opp barnas behov for helsehjelp og rettleie tilsette. Helseteamet kan vere eksisterande ambulante team, ei utviding av desse eller nye team. Dei regionale helseføretaka har allereie i årets oppdragsbrev fått i oppdrag å planleggje for at alle barnevernsinstitusjonar skal vere tilknytta eit ambulant BUP-team med kompetanse innan psykisk helse og ruslidingar. Eg meiner dette er eit viktig styringssignal, og at det vil betre tilgangen til helsehjelp for barn på barnevernsinstitusjon.
Tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren i Vestland utfyller biletet i Helsetilsynets gjennomgang av saker der barn med tilknytning til barnevernsinstitusjon har mista livet (rapport 3/23), ein rapport som eg tok initiativet til å få gjennomført. Vi ser at fagleg usemje om kva barnet treng er ei viktig årsak til at barna ikkje får eit forsvarleg tilbod. Statsforvaltaren i Vestland skriv at (d)er barnevernstenesta meinte at jentenes sjølvskading og åtferd var uttrykk for psykiske helsevanskar, meinte spesialisthelsetenesta at jentene hadde behov for meir stabile omsorgsrammer for at helsehjelpa skulle ha effekt. Eg vil saman med helse- og omsorgsministeren vurdere eit forslag frå barnevernsinstitusjonsutvalet om felles fagleg føringar for helsetenesta og barnevernet om handtering av alvorlege tilfelle av eteforstyrringar og tilbakevendande suicidalitet. Kunnskapen vi har viser at den faglege usemja og uvissa kan vere størst i møte med nettopp desse barna.
Regjeringa vil òg føre vidare og fornye helsesatsinga for barn i barnevernet. To viktige tiltak som er prioriterte, er nasjonalt forløp – barnevern og tverrfagleg helsekartlegging av barn som skal flyttast ut av heimen. Nasjonalt forløp skjer i regi av primærhelsetenesta, medan tverrfagleg helsekartlegging er eit spesialisert tilbod som Bufetat og helseforetaka samarbeider om. Rapporten frå Statsforvaltaren i Vestland om tvillingjentene som mista livet, og tilrådingane i denne, vil vere svært viktig for regjeringa sitt arbeid på dette feltet framover.