Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1313 (2023-2024)
Innlevert: 21.02.2024
Sendt: 22.02.2024
Besvart: 28.02.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Har statsråden ein oversikt over kor mange studentar som har fått sine åndsverk ulovleg lasta opp i plagiatkontrollen, og kva vil statsråden gjera for å retta opp i dette potensielle lovbrotet?

Begrunnelse

VG skriv 21.02.24 om korleis fleire univeitet og høgskular kan ha nytta studentoppgåver ulovleg i plagiatkontrollsystemet. Som resultat av manglande samtykkje, meiner både advokat Magnus Stray Vyrje og førsteamanuensis ved UiB, Torger Kielland, at denne praksisen bryt med opphavsretten. Vyrje seier til VG at studentane som er råka av dette brotet på opphavsretten, kan ha krav på fleire hundre millionar kroner i vederlag.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Den aktuelle plagiatkontrollen, Ouriginal, er skaffa av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) gjennom at det er inngått ei rammeavtale. Det er universiteta og høgskolane som har inngått avtalar om bruk av tenesta, og er ansvarlege for bruken av tenesta.
Departementet har ikkje oversikt over kor mange studentar som kan ha fått sine åndsverk lasta opp i plagiatkontrollen.
Departementet har dialog med Sikt om vidare avklaringar og oppfølging.