Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at kommunar som investerer i moderne skyløysingar innanfor it kan føre dette som investering og ikkje drift?
Begrunnelse
Då kommunal- og forvaltningskomiteen besøkte Røros kommune i februar tok kommunen opp at IT investeringar blir bokført på ulikt vis. Investerer man i løysingar i ei sky må denne føres som drift og investerer man i løysingar med fysisk hardware i kommunen kan dette førast som investering. Kommunen etterlyste at forskriften for føring i rekneskapet blir oppdatert slik at moderne investeringar og kan førast som investering og ikkje drift.