Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1382 (2023-2024)
Innlevert: 28.02.2024
Sendt: 29.02.2024
Besvart: 06.03.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Har FD og Forsvaret nytta seg av fagkompetansen i FMA og Sjøforsvaret i arbeidet med høyringssvaret, kva var i så fall dei faglege tilrådingane, og, ev. dersom desse fagmiljøa ikkje er nytta, kvifor blei dei ikkje nytta?

Begrunnelse

Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. I skriftleg svar frå regjeringa i sak om oppfølginga, jfr. Dokument nr. 15:76 (2023-2024), skriv regjeringa; sitat:

«rapporten frå ekspertutvalet og høyringssvara er til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet vil ta noko tid. Vi meiner det er viktig at vi bruker den tida som er naudsynt for å sikre at vi treff den rette avgjerda.»

FD og Forsvaret står på høyringslisa, men det framkjem ikkje i Høyringssvaret frå forsvaret om etaten FMA har gitt uttale. FMA har den faktiske fagekspertisen på ammunisjonstryggleik og demolering. Det framkjem heller ikkje om Sjøforsvaret, der miljøet i Minedykkarkommandoen og på Dykke- og froskemannsskulen i Sjøforsvaret (Marinen) har utførande ekspertise og fagkompetanse som hadde vore nyttig for høyringa, har gjeve innspel til høyringa.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Verken Forsvarsdepartementet eller Forsvaret har hatt merknader eller gitt innspel til høyringa om rapport frå ekspertutvalet som har vurdert vidare handtering av ubåtvraket U-864.
Fagekspertise frå FFI deltok i ekspertutvalet som har utarbeidd rapporten om handtering av ubåtvraket U-864. FFI har i mange år arbeidd med utfordringane med krigsetterlatenskaper. Arbeidet har mellom anna omfatta analysar av tilstand og risiko med ammunisjon frå 2. verdskrig som er dumpa eller ligg i skipsvrak. Eg meiner derfor at forsvarssektoren har hatt sin beste kompetanse på dette fagfeltet med i ekspertutvalet.