Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa vedtok for snart to år sidan at varer produsert på okkupert palestinsk område skal merkast, men nyleg uttrykte statsministeren at merking ikkje er obligatorisk.
Kva er gjeldande politikk fra regjeringa når det gjeld handel med varer frå okkupert område, og vil Noreg, i lys av det norske ICJ-innlegget, endra handelspolitikk overfor dei okkuperte områda?
Begrunnelse
For snart to år sidan avgjorde regjeringa at næringsmiddel med opphav i område okkupert av Israel skal merkast med kva område produktet kjem frå, og at det kjem frå ei israelsk busetting dersom det er tilfelle.
I eit intervju med VG 17. februar seier likevel statsminister Støre at merking av varer KAN bli pliktig og at dette ikkje er obligatorisk.
Dersom det er tilfelle står leverandørarar fritt til å avgjera om dei skal merka varene sine, og det er deretter er opp til forbrukarane å sikra at dei ikkje handlar varer frå okkupert område. I lys av dagens situasjon på dei okkuperte områda og Noreg si klare tale i ICJ-innlegget fredag 23. februar er det forventa at Noreg gjer meir for å kutta banda til okkupasjonen.
Busettingane er ulovlege, noko som tilseier at all økonomisk aktivitet og handel med desse må opphøyra, og at import av varer og tenester med opphav i busettingane bør bli forbode. Merking av busettarvarer er eit skritt i rett retning, men vil ikkje hindra import av varer som er produsert på ein måte som FNs høgkommissær for menneskerettar meiner er uforeineleg med folkeretten og FNs rettleiande prinsipp for menneskerettar og næringsliv. Merking av busettarvarer legg dermed alt for mykje ansvar på den enkelte norske forbrukaren for at Noreg ikkje skal medverka til folkerettsbrot.