Birgit Oline Kjerstad (SV): I ein rapport slakter Oslo Economics saksgrunnlaget for Helse Midt Norge RHF sitt vedtak om å overkøyre Helse Møre og Romsdal sitt råd om å utsetje innføring av Helseplattformen i Møre og Romsdal. Rapporten konkluderer med at «saksgrunnlaget ikke står i forhold til alvorligheten i beslutningen».
Kva ansvar har helseministeren som øvste politiske leiar for å gripe inn i tide og sørg for pasientsikkerheita i Møre og Romsdal når statsråden er gjort kjent med at saksgrunnlag for vedtaket i om overkøyring ikkje held mål?
Begrunnelse
I helseministeren sitt svar 5 februar på spørsmål nr. 15: 1176 (2023- 2024) frå representanten Sylvi Listhaug og om konsekvensane av å innføre Helseplattforma i Møre og Romsdal, svarer ministeren at det er det regionale og lokale helseforetaket som har ansvaret for å vurdere om journalløysinger i verksemdene er forsvarlege og ivartek pasientsikkerheita godt nok. Helse Møre og Romsdal har gjort ei slik vurdering og konkluderte med at det ikkje er forsvarleg å start implementring av Helseplattforma i april 2024, hverken av omsyn til pasientsikkerheita eller dei tilsette som vil få det ekstra arbeidet inn i sommerhalvåret med ferieavvikling og vikarar. Dette er både det regionale helseforetaket si leiing og statsråden gjort kjend med i risikoanalysen gjort av helse Møre og Romsdal HF, og i rapporten «Innføring av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal HF, vurdering av beslutningsgrunnlag» utført av Oslo Economics på oppdrag frå Legeforeninga i Møre og Romsdal. I tillegg kjem varsla frå kommunale helsetenester som til dømes medarbeiderundersøkinga i Trondheim kommune i 2023, der 62 % meiner at Helseplattforma i liten eller svært liten grad er oversiktleg. Dette er 20 % fleire enn dei som svara dett i 2021. 44 % prosent svarer at dei føler seg utrygge på å handsame henvisningar rett i systemet, og 38 % melder at dei opplever at systemet er lite eller svært lite påliteleg.