Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1426 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har statsråden noen plan for å få i gang flere byggeprosjekt for å holde i gang aktiviteten i bygg- og anleggsbransjen?

Begrunnelse

I 2023 ble det gitt 22 778 igangsettingstillatelser til nye boliger.
Sammenlignet med 2022 er det en nedgang på 23,4 prosent for antall igangsettingstillatelser til nye boliger. Rapportene om vanskelige tider i nyboligbransjen vises godt i tallene for 2023. Vi må tilbake til slutten av finanskrisen, i 2009 og 2010, for å finne like få igangsettingstillatelser til nye boliger.
Dette har store konsekvenser for byggebransjen og entreprenørbransjen. Pluss at behovet for boliger er stort mellom anna for å bosette flyktninger.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Byggjenæringa er ei svært viktig næring i heile landet, og står no i ei krevjande situasjon. Aktivitetsnedgangen påverkar arbeidstakarar og bedrifter, men òg bustadkjøparar. Regjeringa er merksame på utviklinga og er oppteken av å ha god dialog med næringa.
Regjeringa jobbar med å finne gode løysingar på dei ulike bustadutfordringane rundt omkring i landet. Husbanken har fleire bustadpolitiske verkemiddel som kan bidra til aktivitet. I 2024 er Husbanken sin låneramme på 29 mrd. kroner. Husbanken kan gi startlån, lån til utleigebustader til vanskelegstilte, lån til bustadkvalitet og lån til studentbustader. På berre to år er låneramma til Husbanken styrkt med til saman 10 mrd. kroner. Med dette er låneramma no høgare enn på fleire tiår. Dei økonomiske ordningane til Husbanken blir vurderte i dei ordinære budsjettprosessane.
Regjeringa jobbar òg med å leggje til rette for gode og effektive plan- og byggjeprosessar. Vi har fleire prosjekt på gang for å utvikle gode og standardiserte system for sakshandsaming av byggjesøknader, redusere talet på mangelfulle byggjesøknader til kommunane, og få reglar som er meir tilrettelagd for digital bruk. Meir digital sakshandsaming og eit meir brukarvennleg regelverk kan spare kommunar, næringsliv og privatpersonar for mykje tid og ressursar. Det kan gjere det raskare og enklare å byggje bustader.
Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk no til våren 2024. I meldinga blir utfordringane på bustadmarknaden drøfta og regjeringas politikk for å svare på utfordringane lagt fram.