Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1433 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 08.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Hva vil regjeringa gjøre for å hjelpe kommuner i å bekjempe ulovlig bygging, stengsler og hindring av fri ferdsel i strandsonen?

Begrunnelse

På NRK Vestfold og Telemark sin distriktssending 1. mars, kom det frem at i Færder i Vestfold ble det funnet 136 hindringer av fri ferdsel langs sjøen. Disse kan være ulovlige og det omhandler blant annet gjerder og plattinger. Færder kommune har et treårig prosjekt for å kartlegge ulovlige stengsler og til nå er 50 ulovlige stengsler fjernet. Det vil være interessant å hva statsråden vil gjøre for å styrke kommunenes arbeid med å bekjempe ulovlig bygging, stengsler og hindring av fri ferdsel i strandsonen.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for plan- og bygningslova, og Klima- og miljødepartementet har ansvar for forvaltninga av allemannsretten knytt til friluftslova og naturmangfaldlova.
Plan- og bygningslova § 1-8 fastset eit byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. I 100- metersbeltet skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Det er imidlertid viktig å understreke at byggjeforbodet ikkje er absolutt. Kommunane kan fastsetje ei anna byggjegrense i kommuneplan eller regulerings-plan. Statlege planretningslinjer for praktisering av byggjeforbodet i strandsona langs sjøen blei vedtatt i 2011, og revidert i 2021.
Friluftslova sikrar fri ferdsel i utmark, så lenge dette skjer med omsyn og med tilbørleg varsemd, jf. friluftslova § 2. Lova seier også kva som er innmark og utmark i § 1a. Det er fleire rettsavgjerder som har vurdert grensa mellom desse to, og spørsmålet er særleg aktuelt nettopp i strandsona. Det har ingen betydning for denne vurderinga om eigedomen er i offentleg eller privat eige, eller kva formål den er regulert til. Allemannsretten er altså i behald, sjølv om eit område er regulert. Det er først når det aktuelle området blir opparbeida i medhald av arealplan, at allemannsretten kan falle bort.
Friluftslova § 13 har ei eiga føresegn om ulovlege stengsler som seier at «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett.» Slike stengsler kan ein krevje fjerna etter friluftslova § 40.
Kommunane har ansvar for å følgje opp tiltak som er gjennomført i strid med lover og reglar. Det er mitt inntrykk at dette er eit ansvar kommunane jamt over fylgjer opp, sjølv om det sjølvsagt kan finnast døme på det motsette. Det er fleire kommunar som enten har eller er i gong med å kartlegge tiltak i strandsona som kan vere gjennomført i strid med lover og reglar. Der kommunane finn grunnlag for å følgje opp eit konkret tilhøve, har dei tilgjengeleg ei rekke verktøy for å rydde opp.
Som oppfølging av Heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden, oppretta Klima- og miljø-departementet i 2022 ei tilskotsordning for juridiske utgreiingar om allmentas tilgang til strandsona. Den har ført til at ulovlege stengsler i strandsona er fjerna. Ordninga er videreført i 2024. Mange kommunar er i gang med å følgje opp sjikanøse stengsler i strandsona. Statsforvaltarane rapporterer årleg til departementet om kommunane si oppfølging i strandsona. Det er oppretta eit kystsonenettverk med kommunar, fylkes-kommunar og statsforvaltarar langs Oslofjorden. Dette nettverket er viktig for å auke kompetansen om forvaltninga av strandsona, ikkje minst friluftsomsyn og oppfølging av ulovlegheiter. Det vil òg kunne gi betre oversikt over kommunar som har sett i gang arbeid med å følgje opp ulovlege tiltak. Nettverket blir drifta over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.