Sveinung Rotevatn (V): Har Justis- og beredskapsdepartementet vore kjent med rom-registeret som Øst politidistrikt har oppretta, og meiner statsråden registeret er oppretta på ein lovleg måte?
Begrunnelse
Aftenposten avdekkar i ein artikkel 5. mars at Øst politidistrikt har oppretta eit register over rom-miljøet i Noreg, der 655 nordmenn med rombakgrunn er registrert. Registeret inneheld informasjon om både vaksne, born og avdøde personar. Og det går heilt tilbake til informasjon om Holocaust-overlevande. Eit fåtal av personane er under etterforsking, fleire er nærståande til desse, og det store fleirtalet er ikkje under nokon form for etterforsking.
Registeret framstår som eit etnisk register over ein sårbar, norsk minoritet, som historisk har blitt svært dårleg behandla av norske styresmakter. Ein tenestemann i Øst politidistrikt skildrar i Aftenposten heimelen for å opprette registeret som "i en eller annen sånn gråsone". Det vil vere av stor interesse om justis- og beredskapsministeren kan klargjere om registeret er lovleg eller ikkje.