Ingrid Fiskaa (SV): Meiner samferdselsministeren at det er greit å krevja bompengar på eksisterande vegar for å finansiera nye motorvegar, når det viser seg at folk ikkje er villige til å betala bompengane på den nye vegen?
Begrunnelse
Nyleg kunne me lesa i Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad om utbygginga av ny E39 mellom Kristiansand og Mandal, der bilistane vel gamlevegen i staden for den nye. Dei vil ikkje betala dei høge bompengane for å spara nokre få minutt når den gamle vegen også har høg standard. Dermed blir det færre bilar på ny E39 og mindre bompengeinntekter, og så blir bompengane sett opp for å kompensera for dette. Nyleg vart bompengane på ny E39 sett opp til 127 kroner utan autopass og 101 med. Nå kjem forslaget om å setta opp bom også på gamlevegen.
Bompengar er ein sentral del av finansieringa av desse motorvegprosjekta. Det bidrar til at dei dyraste vegane blir prioritert framfor trygge kvardagsvegar og vedlikehald av dei vegane me har frå før. Samtidig blir bompengebelastninga underkommunisert for folk fram til vegen er ferdig. Når folk ikkje er villige til å betala for dei rådyre og breie motorvegane, og heller tar dei gamle vegane for å unngå bompengane, kan kreative løysingar som dette oppstå.
Dersom det blir opna for å krevja inn bompengar på eksisterande vegar for å finansiera dei nye motorvegprosjekta, må det vera eit tydeleg premiss før vedtak om bygging tar til, slik at folk ikkje blir lurt.