Helge André Njåstad (FrP): Når vil statsråden avklare dispensasjonssakene slik at Tysnes og Austevoll igjen får stabile ferjetilbud og dei tilsette ein betre arbeidskvardag?
Begrunnelse
Eg viser til spørsmål og svar i Dokument nr. 15:1068 (2023-2024) om dispensasjon frå kviletidsbestemmelser for ferjedriften. Dette er ei sak som skaper stort engasjement i Austevoll og Tysnes som er samfunn der ferjedriften er berørt av manglande fornying av dispensasjonen. Dei som jobbar på ferjene opplever at det er tryggare med den ordninga som har vært fram til no og ein opplever 12-12 skift som meir stressende og mindre attraktivt for å kunne kombinere med familieliv. For dei reisande har situasjonen medført kanselleringer. Bladet Tysnes denne torsdagen hadde dette som tema på fem heile sider av 16 i lokalavisa. Dette viser eit enorm engasjement for å sikre at øysamfunn har tenelege kommunikasjonsløysingar. Situasjonen no er at alle skuldar på alle og dei reisande er taparane. Løysinga kan statsråden koma med å helde fram dei dispensasjonene som har vært gitt fram til no.