Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1488 (2023-2024)
Innlevert: 08.03.2024
Sendt: 08.03.2024
Besvart: 14.03.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Er 940 millionar dei totale kostnadene med etablering av Luftforsvarets skulesenter på Værnes?

Begrunnelse

I Adresseavisa 1. mars kunne me lesa at regjeringa snart vil føreslå å investera 940 millionar i skulebygg på Værnes, for at Luftforsvarets tekniske skule kan flyttast frå Kjevik til Værnes. Det som skal byggast er kvarter for elevane og skuletekniske bygg. Undervisningsbygget skal byggast der idrettsbanen ligg i dag. Det blir ikkje opplyst om prisen på nye anlegg for idrett og sanitet. Skulen vil trenga hangarplassar og spesialverkstader.
Det er trangt om plassen på Værnes. Luftforsvarets spesialistskule vart flytta frå Kjevik til Værnes 1. januar 2024, men fordi det ikkje er tilstrekkelege kvarter der, må elevane bu på hotell. Tidlegare flytteprosessar i Forsvaret har blitt langt dyrare enn det som først har blitt lagt til grunn. Det er viktig at Stortinget blir opplyst om dei totale kostnadene med nødvendig eigedom, bygg og anlegg (EBA).

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Behovet for investeringar i eigedom, bygg og anlegg (EBA) vart undervurdert i planane for etableringa av skulesenteret på Værnes. Som Stortinget tidlegare er informert om, er det fleire føresetnader som har endra seg sidan vedtaket om å flytte vart fatta. Dette har ført til mangel på elevforlegningar på Værnes. Til dømes gjennomfører HV-12 no opptrening av ukrainske soldatar på Værnes gjennom operasjon Gungne, og US Marine Corps har rotasjonsbasert trening med utgangspunkt i Værnes. I tillegg er krava til forlegning endra som følgje av endra tilsetjingsforhold for personellet. Dei internasjonale krava til flyteknikarutdanning er også endra, og krev ei konverteringsutdanning frå sivil til militær plattform. Endringane i føresetnadane har medført eit auka behov for å investera i EBA. Flyttinga kostar difor meir enn det som opphaveleg vart lagt til grunn.
Som ein første fase av flyttinga av Luftforsvaret skulesenter frå Kjevik til Værnes er det så langt gjennomført to mindre investeringsprosjekt på Værnes. Desse prosjekta har vore tilpassing av kontorbygg med etablering av kontorplassar, samt tilpassing av ei kaserne for å ivareta behov knytt til allmenn verneplikt. Total ramme for desse tiltaka er 12,2 millionar kroner. Ut over dette har også Luftforsvaret nytta eit mindre beløp frå eigne driftsmidlar knytt til etableringa.
I investeringsproposisjonen som vert lagt fram 15. mars 2024 vil regjeringa fremma forslag om godkjenning av eit investeringsprosjekt for å fullføra flyttinga av Luftforsvaret sitt skulesenter frå Kjevik til Værnes. Dette er eit heilskapleg prosjekt for dei direkte behova som følgjer av flyttinga. Det omfattar naudsynte kontorarbeidsplassar samt undervisnings- og praksisareal knytt til den tekniske utdanninga. I tillegg vil prosjektet inkludera tre forlegningsbygg for å ivareta det heilskaplege behovet for kvarter som følgjer av flyttinga av skulesenteret. Den samla kostnadsramma er 940 millionar kroner.
Den totale aktiviteten på Værnes har auka. Som ein konsekvens av auken har Forsvaret gjennom Forsvarssjefen sitt fagmilitære råd (FMR) 2023 vurdert eit framtidig behov for investeringar i idrettsfasilitetar og sjukestove på Værnes. Behovet er relatert til, men ikkje ein direkte konsekvens av etableringa av skulesenteret på Værnes. Eventuelle investeringar knytt til dette vil verta heilskapleg vurdert som ein del av ny langtidsplan for forsvarssektoren.
Flyttinga av skulesenteret er godt i gang. Etableringa av skulesenteret på Værnes vil gi ei kraftsamling av det flyfaglege miljøet i Trøndelag saman med kampflybasen på Ørland, Luftkrigsskulen i Trondheim og flyfaglinja ved Fosen vidaregåande skule. Til saman vil flyttinga gi eit godt grunnlag for å rekruttera og behalda teknisk personell for ein livslang karriere i Luftforsvaret. Med den løysinga som no er planlagt, vert det etablert framtidsretta løysingar for verksemda på skulesenteret.