Grunde Almeland (V): Vil Noreg protestere på at Israel, som er medlemsland i ICOM (International Council of Museums), bidreg til øydelegging av kulturminne på Gaza, og er det aktuelt for Noreg å stille til rådvelde ressursar og ekspertise til mellombels lagring i trygge norske magasin dersom palestinske styresmakter ber om det?
Begrunnelse
På Gaza er øydeleggingane enorme. Men den israelske staten bombar ikkje berre skuler, heimar og sjukehus. No står også kulturarven til palestinarane i fare for å gå tapt. Krigen på Gaza er også ei kulturell krise, og i granskinga som Sør-Afrika har bede Den Internasjonale domstolen i Haag gå i gang med vil ein undersøke øydeleggingane av kulturarven. Tusenvis av menneske mistar no livet, men palestinarane står òg i fare for å miste minnet om seg sjølv som eit folk. Åtaka frå 2023 kan sjåast som ei vidareføring av politikken frå 2001 og 2002, då israelske styrker braut seg inn Palestinsk statistisk sentral-byrå og konfiskerte data og øydela arkiv.
Derfor bør Noreg engasjere seg. Det er ikkje ei oppgåve for palestinarane åleine å sikre reistane etter eigen kultur, særleg når denne står under press. Vern av kulturarv er eit globalt ansvar og ei plikt som dei fleste nasjonane i verda har tatt på seg i fellesskap. Sterkast kjem dette til uttrykk gjennom Haag-konvensjonen om vern av kulturverdiar. Konvensjonen slår fast at øydelegging av kulturminne i væpna konflikt er ei krigsforbryting.
Den kollektive plikta til å sikre kulturarven for ettertida kjem òg til uttrykk gjennom musea si tilslutning til The International Council of Museums (ICOM). Gjennom denne organisasjonen har verdas museum utvikla etiske retningsliner for korleis ein skal jobbe med kulturminne, og dei siste åra har ICOM engasjert seg særleg i spørsmål om kulturminne i krig og konflikt.