Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1535 (2023-2024)
Innlevert: 13.03.2024
Sendt: 14.03.2024
Besvart: 22.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis Næringslivet og reiselivsnæringa på ein enkel, rask og effektiv måte kan få overta dette arealet frå Bane Nor i Åndalsnes sentrum, slik at arealet faktisk kjem til nytte for samfunnet, og kan samferdselsministeren bidra til at dette kjem på plass raskt?

Begrunnelse

I Åndalsnes sentrum i Rauma kommune, står store areal som Bane Nor eiger ubrukt og til inga nytte.
Her er store areal med jernbanespor som ikkje blir brukt lenger, og det lokale næringslivet og reiselivsnæringa meiner dette arealet kan nyttast til viktige formål for bygda.
Det har vore kontakt mellom partane, men det framstår som problematisk og byråkratisk å kunne få overta dette området frå Bane Nor.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Bane NOR drifter, forvaltar og held ved like jernbaneinfrastruktur etter jernbaneforskrifta. Bane NOR eig samstundes andre areal i nærleiken av jernbanen, som ikkje faller inn under forskriftas verkeområde. Nokre av eigedomane er naudsynte i driftsrelaterte situasjonar i jernbanen. Nokre eigedomar forvaltast på kommersielle vilkår. Når det gjeld dei eigedomane som er naudsynte for avviklinga av trafikk på jernbane, føljer fleire krav av jernbaneforskrifta. Som infrastrukturforvaltar følgjar ein plikt til å forvalte jernbaneinfrastruktur og serviceanlegg slik at statens jernbanepolitiske mål nås. For dei kommersielle eigedomane står Bane NOR friare til å forvalte areala. Her konkurrerer Bane NOR Eigedom i det same marknaden, på dei same vilkåra, som private aktørar.
Når det gjeld bruk av konkrete areal i Åndalsnes, har eg tiltru til at Bane NOR gjer gode vurderingar av eigedomanes nytte for næringsliv, samstundes som dei overheld pliktane som følgjer av krava i jernbaneforskrifta. Samstundes som eg er oppteken av næringsutvikling i heile landet, er Raumabanen ein viktig jernbaneforbinding både for gods-, person- og turisttrafikk. Forsvaret har vidare påpeikt at grunna endringar i tryggingssituasjonen i Europa, er forbindinga mellom sjø og bane viktig. Bane NOR må følgjeleg sjå ei rekke føremål i samanheng. Bane NOR opplyser meg om at dei kan vurdere å avstå grunnareala, men at det må skje i ein planprosess kor viktige samfunnsmessige behov vurderast opp mot ynskja eigedomsutvikling.