Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1538 (2023-2024)
Innlevert: 14.03.2024
Sendt: 14.03.2024
Besvart: 21.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Er det samferdselsministeren og regjeringa som står bak utgreiinga og forslaget om å gjeninnføre bompengar på mellom 150- 200kr ein veg på Ålesundstunellane, eit prosjekt og tuneller som er nedbetalt med bompengar betalt av folket og næringslivet mange gongar, og stiller samferdselsministeren seg bak dette forslaget, og er det dette Arbeidarpartiet meiner med å hevde ein har ein politikk for "vanlege folk", der vanlege folk skal loppast økonomisk i ein tunell dei frå før alt har betalt?

Begrunnelse

I Sunnmørsposten kom det fram i ein artikkel her om dagen at Statens vegvesen har utgreid og foreslår bompengebetaling på nytt i Ålesundstunellane, som frå før er betalt ned fleire gongar av innbyggjarane og næringslivet i regionen.
At nokon i det heile kan finne på å kome på noko slikt i eit prosjekt som alte er nedbetalt, ja akkurat, av bompengar framstår direkte useriøst og har skapt svært store negative reaksjonar frå befolkninga og næringslivet i heile Møre og Romsdal.
Ålesundstunellane går mellom Ålesund og Giske kommune og er ferdselsåra til hovudflyplassen i regionen ved Ålesund lufthavn Vigra.
Ikkje rart at reaksjonen er så kraftig, når det same Statens vegvesen foreslår å ta heilt ut av NTP til dømes ein av dei verste "dødsvegane" i Norge, Blindheimstunellane med over 22 000 bilar i døgnet og strekninga E-39 Veibust-Blindheim-Moa.
Det same Statens vegvesen vil bruke fleire titals milliardar av kroner på Møreaksen, eit vegprosjekt til mange titals milliard kr som Sunnmøringane frå før er inviterte til å betale store delar av ved bompengar på dei sterkt trafikkerte delane av E-39 på Sunnmørssida av Romsdalsfjorden.

"Ein kunne faktisk bli frista til å mistenke at Statens vegvesen region midt, ville forsøke å delfinansiere Møreaksen ved å innføre på nytt grove takstameter ved nye bompengar på Ålesundstunellane."

Kven som har bestilt denne utgreiinga er uklart, men det vert hevda at dette er bestilt av departementet/vegdirektoratet.
At det går ann å kome med eit slikt framlegg som vil rasere økonomien til folket og næringslivet på nytt i denne regionen med svindyre bompengar, kan umogeleg vere verken rasjonelt eller lovleg.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg oppfattar det slik at bakgrunnen for spørsmålet er konseptvalutgreiinga (KVU) for vegstrekninga rv. 658 Ålesund-Vigra, som Statens vegvesen for kort tid sida har ferdigstilt og oversendt til Samferdselsdepartementet for vidare handsaming. Alle slike utgreiingar i samferdselssektoren blir gjennomførd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, også denne. Samferdselsdepartementet fastsatte mandatet for utgreiinga gjennom brev til Statens vegvesen 1. november 2021. Departementet har ikkje gitt nokre konkrete føringar om at bompengar skal vurderast i dette arbeidet.
Eg vil elles vise til at ein KVU-rapport er ein fagleg og sjølvstendig gjennomgang frå Statens vegvesen mellom anna basert på dei generelle og overordna føringane som gis gjennom mandatet frå departementet. Utgreiingane byggjer på kjend og standardisert metodikk som Statens vegvesen sjølv har utvikla til dette føremålet. Den såkalla firetrinnsmetodikken tar utgangspunkt i ulike tiltakskategoriar og investeringsomfang for moglege investeringar, kor også mellom anna restriktive tiltak i byområder blir vurdert.
Eg vil understreke at det ikkje naudsynt er slik at Samferdselsdepartementet til slutt vil støtte desse tilrådingane. I tråd med praksis for KVU-saker skal no KVU-rapporten til ekstern kvalitetssikring (KS1), og det skal gjennomførast ei høyring av saka. På bakgrunn av KVU-rapporten, KS1-rapporten og den lokale høyringa vil regjeringa ta stilling til kva for konsept som skal leggast til grunn for vidare utvikling av strekninga rv. 658 Ålesund-Vigra. Dette vil eg kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.