Skriftlig spørsmål fra Hans Andreas Limi (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1539 (2023-2024)
Innlevert: 14.03.2024
Sendt: 14.03.2024
Besvart: 20.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Hans Andreas Limi (FrP)

Spørsmål

Hans Andreas Limi (FrP): I hvor stor grad følger norske kommuner forsiktighetsprinsippet i saker som reiser spørsmål om å påberope foreldelse, og i hvor stor utstrekning er kommunene i dette spørsmålet bundet av sine forsikringsavtaler?

Begrunnelse

Det vises til Justis- og beredskapsministerens besvarelse av 11.03.24 på mitt skriftlige spørsmål, jf. dokument 15:1437. Tematikken for spørsmålet er det offentliges praksis ved påberopelse av foreldelse etter foreldelsesloven § 9, og det vises herunder til begrunnelsen for spørsmål nr. 1437. Det pekes avslutningsvis i besvarelsen av spørsmålet på Kommunalministerens som korrekt adressat for videre spørsmål om norske kommuners praksis om påberopelse av foreldelse.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunane er sjølvstendige rettssubjekt, og kan ta avgjerder etter eige initiativ og ansvar. Det betyr mellom anna at dei har ansvaret for å tolke regelverk i konkrete saker og for å forvalte og oppfylle avtalar kommunen er bunden av. Kommunane kan ikkje instruerast av eit departement på same måte som eit underliggjande organ i statsforvaltninga.
I svaret til Stortinget 4. mars 2024 frå justis- og beredskapsministeren, er det vist til at kommunane etter gjeldande rett har høve til å fråfalle ei innvending om forelding, og at ein del av dei same omsyna som gjer seg gjeldande når staten vurderer å fråfalle ei innvending om forelding og kan gjere seg gjeldande for ein kommune. I saker om erstatning må kommunane sjølve gjere konkrete vurderingar av om ei innvending om forelding skal fremjast, ut frå ei tolking av regelverket og dei avtalane kommunen er bunden av. Eg kan ikkje uttale meg om kva for praksis kommunane har, og om kommunane i slike spørsmål er bunden av forsikringsavtalane sine.