Birgit Oline Kjerstad (SV): Er det i lys av fosendommen gjort juridiske vurderinger av faren for nye menneskerettsbrot i samband med prosjektet «Krafttak for Finnmark», og er det utarbeida nye føresegner for NVE og Energidepartementet si konsesjonshandsaming for å unngå at det vert gjort vedtak som fører til nye alvorlege menneskerettsbrot?
Begrunnelse
I 2013 fekk Storheia og Roan Vindkraftverk konsesjon etter energilova §3-1, og samtidig vart det gitt løyve til ekspropriasjon «av nødvendig grunn og rettigheter» med heimel i oreigningslova. I 2014 kravde utbyggarane ekspropriasjonsskjønn og det vart gitt førehandsløyve til utbygging, sjølv om det var reist sak om grunnlaget for ekspropriasjonen. 11. oktober 2021 avsa Høgsterett dom der ekspropriasjonen vart kjent ugyldig fordi denne var gitt i strid med SP artikkel 27.
Roan og Storheia vindkraftverk har til saman 151 turbiner og produserer ca. 1,9 Twh på eit planområde på 62,4 km². Det er bygt 134 km anleggsvegar. Etter lange forhandlinger er det som ei oppfylgjing av høgsterettsdommen gjort avtaler med Nord og Sør -Fosen siida om at alternative vinterbeiter skal stillast til disposisjon til erstatning for områda som er gjort ubrukelege på grunn av vindkraftverka. Det ein føresetnad for oppfylgjing av høgsterettsdommen, at slike områder finst. Regjeringa lanserte prosjektet «Krafttak for Finnmark» 8. august 2023. I det prosjektet er det eit mål at det skal byggast ut ny kraftproduksjon og ledningsnett i Finnmark for å dekke minst det kraftbehovet som elektrifisering av Melkøya vil kreve. Det vil seie ei kraftmengde på minst 3,5 TWh. NVE si oversikt over planlagde og omsøkte vindkraftverk i Finnmark pr. 17 november 2023 syner at det er planer for 24 vindkraftverk og at 5 av desse er til handsaming i NVE. Krafttak for Finnmark vil utan tvil krevje store arealinngrep i reinbeitområder.
I LMD sitt høyringssvar til bygging av 420 Kv kraftledning mellom Hammerfest og Skaidi, datert 12. januar 2023, viser LMD til at dei folkerettslige vurderingane gjort av NVE:
«vi mener at grensen er nær for hvor stor belastning reinbeitedistriktene som blir berørt av tiltaket for de ikke kan drive reindrift på samme måte som før».
LMD konkluderer med:
«Rettsutviklingen, jf. særlig Fosensaken, tilsier at man bør være varsomme med å gi tillatelse til tiltak dersom det foreligger usikkerhet knyttet til om tiltaket vil stride mot folkeretten.»
12. mars 2024 gav Energidepartementet forhåndstiltredelse til Statnett av nødvendig grunn og rettar som fylgje av konsesjon og ekspropiasjnsløyvet gitt for bygging av 420 kv linje mellom Skaidi og Hammerfest i 2023.