Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1570 (2023-2024)
Innlevert: 17.03.2024
Sendt: 18.03.2024
Besvart: 21.03.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har nyleg synt stor handlekraft i å øydelegge natur med høg verneverdi på kysten av Nordfjord i Vestland på tvers av faglege råd, jamfør KDD sitt vedtak i strid med KLD si tilråding om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot i Bremanger.
Vil regjeringa snart syne like stor handlekraft i å ta vare på natur med høg verneverdi på kysten av Nordfjord i tråd med både faglege råd og lokale ynskje, jamfør sak som enno ligg til avgjerd i Klima- og miljødepartementet om oppretting av Stad Marine verneområde?

Begrunnelse

Miljødirektoratet sende i juni 2023 over til Klima- og miljødepartementet tilråding om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn i Vestland fylke i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren. Verneforslaget har brei støtte frå mellom anna berørte kommuner og bygder og frå fiskerinæringa i området. Verneprosessen har pågått i over seks år.
Det føreslegne marine verneområdet Stad er eitt av dei 36 områda som "Rådgivende utvalg for marin verneplan" allereie i 2003 og 2004 tilrådde tatt med i første fase av marin verneplan.
Noreg har slutta seg til globale avtaler og mål om at 30 prosent av verdas hav skal vernast eller bevarast. I dag er berre 4,5 prosent av det norske sjøarealet innanfor territorialgrensa verna.
Det føreslegne marine verneområdet Stad har naturverdiar som gjer at vern vil bidra til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål om vern, og bidra til representativ bevaring av kystområde og territorialfarvatn.
Mykje av det særprega biologiske mangfaldet i havområda rundt Stad er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, spesielle kalkalgar og store areal med tareskog. Området er eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Det er registrert nasjonalt verdifull stortareskog og det er kartfesta raudlista artar som djupvasskorallen augekorall. Videre inneheld området blautbotnområde og ålegrasenger.
Underteikna purra på framdrifta av saka fyrste gong i desember 2023, utan å få noko fornuftig svar på når ei avgjerd ville kome. Sidan den gong har Kommunal- og distriktsdepartementet vedteke å overkøyre KLD og verneinteressene elles i ei anna viktig arealsak i same området: Godkjenning av reguleringsplan for Aksla steinbrot i Bremanger, som mellom anna vil øydelegge eit unikt område med kystregnskog.
Det er også vinteren 2024, i følgje Nordfjord Fiskarlag, på nytt sett i gong taretråling i det aktuelle området. Eg syner til kva Nordfjord Fiskarlag skriv om saka i skriv til Stad kommune i mars 2024:

«Det er svært uheldig at vernet ikkje er trådt i kraft, og det kan foregå taretråling i for eksempel Hoddevika igjen. Naturen vil bruke mange nye år på å bygge opp igjen tareskogen, og den umiddelbare konsekvensen er at strendene blir forureina med unaturlig store mengder tarestilkar.»

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Miljødirektoratets tilrådning om å opprette «Stad» marine verneområde, i kommunene Stad og Kinn, i Vestland fylke, ble oversendt Klima- og miljødepartementet 29. juni 2023. Det foreslåtte marine verneområdet har viktige naturverdier og vil bidra til å oppfylle det nasjonale målet om å bevare et representativt utvalg av norsk natur, samt de internasjonale målene i bl.a. Naturavtalen.
Vern er vårt viktigste og sterkeste virkemiddel for å bevare viktige naturområder i et langsiktig perspektiv. Vernevedtak er derfor alltid også basert på grundige og inkluderende prosesser, der berørte interesser involveres gjennom flere trinn i prosessen. Jeg har merket meg at opprettelse av Stad marine verneområdet har bred lokal støtte, noe som ikke minst er viktig for den videre forvaltningen av naturverdiene i området.
Disse prosessene tar likevel ofte noe tid. Saken behandles nå i departementet. Endelig vedtak om vern blir gjort av Kongen i Statsråd.
Avslutningsvis vil jeg for øvrig også minne om mitt svar datert 14. desember 2023 til representanten Bjørlo der jeg redegjør for de samme momentene knyttet til denne saken.