Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1580 (2023-2024)
Innlevert: 19.03.2024
Sendt: 19.03.2024
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 03.04.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): For å få innpass på ABLU-ordningen må man ha minimum 40 % fast stilling. Det står skrevet i rammeplanen for barnehagelærerutdanningen at man skal ha 100 dagers praksis i løpet av studiet. Det er viktig at det er enkelt for studentene å avvikle praksis parallelt med fast ansettelse og uavhengig av livssituasjon.
Vil statsråden vurdere at ABLU-studenter kan avvikle praksisperiodene sine i den barnehagen de er ansatt i?

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Spørsmålet frå representanten blei sendt til kunnskapsministeren. Ettersom praksis i lærarutdanningane er forskings- og høgare utdanningsministeren sitt ansvar, er det eg som vil svare på dette spørsmålet.
Som representanten viser til, slår forskrifta om rammeplan for barnehagelærarutdanninga fast at det skal inngå minst 100 dagar praksis i utdanninga. Vidare seier forskrifta at praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert. Det er viktig at alle studentar møter rettleiarar som kan vurdere praksisen deira uhilda. Derfor må det meste av praksisen vere i ein annan barnehage enn den studenten er tilsett i sjølv. Det er òg viktig for at studenten skal få ei breiare barnehageerfaring.
Samstundes ligg det i saka at delar av ei arbeidsplassbasert utdanning må vere knytt til arbeidsplassen. Praksis på eigen arbeidsplass er eit viktig premiss som gjer det mogleg for studenten å ta utdanning og vere i jobb på same tid, nett som representanten er oppteken av.
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein kravsspesifikasjon som er vedlegg til avtalene med universiteta og høgskulane som tilbyr ABLU, der dei skriv:

"(…) Det er et krav at studentene jobber i barnehage under studietiden. Barnehagen skal trekkes inn som en viktig læringsarena for studentene. Det forutsettes et tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. ABLU skal på denne måten også bidra til kompetanseutvikling for hele personalgruppen og styrke barnehagen som lærende organisasjon gjennom økt oppmerksomhet på faglige problemstillinger.(…)"

Det er ikkje forskriftsfesta i kva omfang studenten kan ha praksis på eigen arbeidsplass, men ein må legge til grunn at minst femti prosent av praksis skal vere i ein annan barnehage. Dette er i tråd med rammeplanane for praktisk-pedagogisk utdanning og lektorutdanning, som òg opnar for praksis på eigen arbeidsplass. Dei institusjonane som tilbyr ABLU i dag, praktiserer det på denne måten. Til dømes har OsloMet eit krav om at ni av tjue praksisveker kan vere på arbeidsplassen til studenten, og elleve veker skal vere i ein praksisbarnehage.