Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1627 (2023-2024)
Innlevert: 25.03.2024
Sendt: 02.04.2024
Besvart: 09.04.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner næringsministeren at den nye «exit-skatten» på både realiserte og urealiserte verdiar slik han nylig er skissert frå regjeringa, i kombinasjon med betydeleg skjerpa særnorsk formueskatt på arbeidande kapital dei siste tre åra, vil styrke, svekke eller virke nøytralt på næringsministeren sine annonserte mål om «flere norske enhjørninger og oppstartsbedrifter med ambisjoner om å bli størst i verden på det de driver med», og at Norge «skal bli verdens beste land å starte og drive bedrift i»?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Takk for spørsmålet om eit tema som står meg nært. Det har nok vorte tydeleg for dei fleste at eg er oppteken av rammevilkåra for næringslivet generelt, og for oppstartsbedrifter spesielt. La meg derfor seia det viktigaste først: ambisjonane mine ligg heilt fast. Me skal leggja til rette for størst mogleg samla verdiskaping, og me heiar på verdiskaparar både i små og store bedrifter, etablerte og nyoppstarta.
Utflyttingsskatten som no er på høyring er ikkje ein ny skatt, men ein måte å sikre at eksisterande skatt faktisk blir betalt. Endringane skal sørgja for at verdiar som blir opparbeidd av eigarar som er busette i Noreg, også blir skattlagde i Noreg. Forslaget er ei fleksibel løysing som ikkje hindrar at nordmenn kan bu periodar i utlandet, og så flytta tilbake igjen utan å måtta betala utflyttingsskatt. Dei nye reglane skal altså gjera skattemotivasjonen for å flytta, mindre. Det er rettferdig og viktig for både tilliten til skattesystemet og fellesskapet. At alle bidreg til fellesskapet gjer det også lettare å kunna halda skattesatsane låge for alle som bur i Noreg.
Noreg har eit velfungerande og godt regulert kapitalmarknad med god tilgang på risikokapital, noko som mellom anna er påpeika av fleire offentlege utval. For oppstartsbedrifter som treng finansiering er dette viktig. Me forventar ikkje at dei foreslåtte endringane i utflyttingsskatten vil påverke investeringar, så lenge kapitalmarknadene er velfungerande. God kapitaltilgang gjer også at det er lite som tyder på at formuesskatten vesentleg svekkjer moglegheita for lønnsame investeringar. Formuesskatten gjer det heller ikkje mindre lønnsamt å investera i Noreg enn i andre land.
All informasjon tyder på at det er gode vilkår for å etablera ny næringsverksemd i Noreg. Det etablerast om lag 6 000 nye bedrifter i månaden, det er rekordmange i arbeid og det setjast stadig nye investerings- og eksportrekordar. Det er en utvikling vi alle kan glede oss over og takke norske vekstskaparar i næringslivet for. I 2023 var investeringsnivået 20 pst. høgare enn i 2019 – korrigert for prisvekst. Den gunstige utviklinga har bidrege til at mange blir rike i Noreg og til at formuane har vakse kraftig det siste tiåret. Då bør det heller ikkje vera mogleg å emigrera permanent frå Noreg og ta med seg gevinstane som er opparbeidde her utan skattlegging. Ein viktig del av den norske samfunnsmodellen er å skape og dele. Det har gjort Norge til eit av verdens beste land. For å bevare denne modellen og tilliten mellom menneskjer, er det viktig at forskjellane ikkje får vokse seg for store.
Korleis me innrettar skattesystemet avheng av kva verdiar me er opptekne av. Formuesskatten skal primært sørgja for å redusera forskjellar, gjennom omfordeling frå dei som har mykje til dei som har mindre. Vidare sørgjer utflyttingsskatten for rettferd i den forstand at verdiane som blir opparbeidde av eigarar som er busette i Noreg, også bidreg til finansieringa av velferdsstaten. Velferdsstaten kjem nemleg også bedriftseigarane og gründerane til gode, mellom anna gjennom tilgang på kompetent arbeidskraft, eit offentleg helsevesen, velfungerande infrastruktur og eit sosialt og økonomisk sikringsnett ved behov. Summen av rammevilkåra bidreg til å skapa verdiane. Då bør noko av verdiane som blir skapte, også gå tilbake til fellesskapet i form av skatt.
No er forslaget på høyring og me håpar at både folk og bedrifter gir innspel og tilbakemeldingar i høyringsrunden. Me er som alltid opptekne av å lytta til dei som blir ramma av politikken vår og ser fram til å lesa innspela.