Ingrid Fiskaa (SV): Bane NOR oppgir at målet om at 9 av 10 tog skal vera i rute er bakgrunnen for det reduserte rutetilbodet på Jærbanen og Sørlandsbanen.
Kven har bestemt at dette målet skal vera styrande, og er statsråden einig i at dette målet skal overstyra andre omsyn og mål?
Begrunnelse
Eg viser til spørsmål 15:419 om det reduserte rutetilbodet på Jærbanen i 2024. I ruteplanen for 2024 blir pendlarane nekta å bruka regiontoget (fjerntoget) mellom Bryne og Stavanger, i tillegg til at det er færre avgangar med lokaltoget. Summen av endringane har ført til fleire fulle tog og at dei reisande ikkje alltid får plass. Ruteendringane inneber også lengre reisetid fordi toga blir ståande lenger på stasjonane for å venta på møtande tog.
Arbeidet med ruteplanen for 2025 er no i gang, og dei mange reisande på Jærbanen ønskjer naturleg nok ei forbetring av rutetilbodet.
I samtalar med Bane NOR får eg opplyst at bakgrunnen for ruteendringane i 2024 er målet om at 9 av 10 tog skal vera i rute. Dette målet ser ut til å overstyra andre omsyn og mål for togtilbodet. Ut frå logikken om at minst 90 % av toga skal vera punktlege, kan det gi meining å legga inn ei lengre reisetid med lange opphald på stasjonane, slik at toga får større sjanse til å halda rutetidene og statistikken ser betre ut. Resultatet er likevel eit dårlegare tilbod til passasjerane. Ei forseinking på nokre minutt samanlikna med tidtabellen er enklare å leva med enn punktlege tog med ei vesentleg auka reisetid.
I mitt førre spørsmål om saka etterlyste eg kunnskapsgrunnlaget for å nekta passasjerar å ta regiontoget (fjerntoget) mellom Bryne og Stavanger. Statsråden svarte då at «Bane NOR har erfart at både av- og påstigning ved Bryne for fjerntog tek lengre tid enn normert stasjonsopphald». Etter mi vurdering er det at Bane NOR «erfarer» noko ikkje det same som eit eksakt kunnskapsgrunnlag. Eg hadde forventa at statsråden, Jernbanedirektoratet og Bane NOR baserer avgjerdene sine på noko meir handfast og etterprøvbart. I mellomtida har pendlarforeininga gjort eigne undersøkingar og målt ståtida for regiontoget (tog 701) på Bryne og Klepp stasjonar, og utan unntak kome fram til at toget ville hatt nok tid til å ta om bord passasjerar på Bryne. Regiontoget har stor ledig kapasitet, og vil kunna letta presset på lokaltoget i morgonrushet.