Skriftlig spørsmål fra Hans Andreas Limi (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1683 (2023-2024)
Innlevert: 05.04.2024
Sendt: 08.04.2024
Besvart: 16.04.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Hans Andreas Limi (FrP)

Spørsmål

Hans Andreas Limi (FrP): Vil statsråden ta initiativ til en midlertidig unntaksordning fra den nylig vedtatte prosenttollen på poteter i perioder hvor det ikke er tilgang på norske poteter for norske industriprodusenter (Unntaksordningen kan være søknadsbasert og vil sikre fortsatt drift hos norske industriprodusenter som produserer bearbeidede produkter basert på potet som råstoff. Unntaksordningen bør gjelde i 3 år slik at norsk landbruk får tid til å øke produksjonen av poteter tilsvarende industriprodusentenes behov)?

Begrunnelse

I statsbudsjettet for 2024 vedtok regjeringspartiene og SV å innføre prosenttoll på importerte poteter med sats på 100 %. I perioden 15. mai til 15. juli er tollsatsen 191 %. I perioder hvor det ikke er tilgang på norske poteter betyr dette økte priser og økte kostnader for norske industriprodusenter som produserer bearbeidede produkter basert på potet som råstoff. For mange vil kostnadsøkningene innebære at driften må opphøre uten at det har noen betydning for norsk potetproduksjon som er sesongbasert, jf. Dagens oppslag i Finansavisen. For å unngå konkurser og bortfall av norsk produksjon og arbeidsplasser, kan det innføres en midlertidig unntaksordning for de perioder av året hvor det uansett ikke er tilgang på norske poteter for industriprodusentene. Ordningen kan f.eks. være søknadsbasert og må separeres fra ordningen som i dag eksisterer i konsummarkedet.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: I samband med statsbudsjettet for 2024 la regjeringa fram forslag om omlegging frå kronetoll til prosenttoll for eit utval grønsaker. Som del av budsjettavtala med SV, vedtok Stortinget i tillegg å leggje om til prosenttoll for potet og potetprodukt. Formålet med overgangen er å gi auka beskyttelse for norsk produksjon, og dermed styrke avsetningsgrunnlaget, gi høve til prisauke og auke sjølvforsyningsgraden på sikt. Omlegginga gjaldt frå 1. januar 2024, men for at aktørane i marknaden skulle få tid til å tilpasse seg omlegginga, bestemte Landbruks- og matdepartementet at prosenttoll for potet/potetprodukt først vert iverksett frå 1. september 2024.
Eg er kjend med innspel frå deler av næringa og industrien som meiner vi treng lengre overgangsordningar for potet og potetprodukt enn 1. september. Det vil ta tid å byggje opp norsk potetproduksjon slik at den dekker opp ein større del av marknaden enn i dag, slik Stortinget har som mål for omlegginga. Dette gjeld potet og potetprodukt både til konsum og industrien der det over lang tid har vore import i periodar av året, og der tollen har blitt administrert av Landbruksdirektoratet styrt etter norsk avling og importbehov. I periodar har det òg vore import til ordinær toll av til dømes småpoteter. Det viser at det er fleksibilitet i tollvernet, som ein og vil ha framover i tid.
Landbruksdirektoratet kartlegg no korleis næringa tilpassar seg omlegginga for potet framfor dyrkingssesongen i år. Vi veit enno ikkje kor stort areal som vil bli brukt til potetdyrking denne sesongen. Kartlegginga vil kunne gi grunnlag for betre å kunne vurdere både størrelsen på den norske potetavlinga og kva sortar som blir på marknaden til hausten. Avlinga vil sjølvsagt òg avhenge av veret.
Det viktige no er at både produsentar og kjøparar av potet tilpassar seg eit endra tollvern, og at forbrukarane og industrien får dei varene dei etterspør. Det langsiktige målet er at importen av poteter vert erstatta med norsk produksjon, og sjølvforsyninga aukar, slik og regjeringa legg til grunn i Meld. St. 11: «Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket».