Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1688 (2023-2024)
Innlevert: 07.04.2024
Sendt: 08.04.2024
Besvart: 16.04.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Hvorfor vil statsråden gå bort fra en solid tradisjon i norsk landbruk om å ivareta den enkelte bonde som har gjort investeringer og lagt opp til en drift ut ifra gjeldene regelverk, når dette regelverket fra myndighetene sin side blir betydelig innskjerpet og gitt tilbakevirkende kraft (Som eksempler på dette kan en vise til endringer av regler rundt både melkekvoter, pelsdyrhold og kyllingprodusenter)?

Begrunnelse

Takk for svar på tidligere spørsmål om å ivareta bønder som har tilrettelagt drift og som har gjennomført store investeringer etter gjeldene regelverk for produksjon av gris, og sikre at disse ikke blir straffet av at nytt regelverk gis tilbakevirkende kraft. Det er svært beklagelig og noe underlig at statsråden er av den mening at endringene ikke gis med tilbakevirkende kraft og forklarer dette med 5 års overgangsordning. Det burde være allment kjent at investeringer av slik størrelsesorden, som har vært nødvendig i disse tilfellene, ikke kan forsvares med en 5 års overgangsordning. Tidligere endringer av konsesjonsregimer har alltid blitt kompensert i norsk landbruk. Det vil være svært ødeleggende for tilliten mellom bonde og myndigheter om det skapes usikkerhet om svekkelser i konsesjonsregime vil kompenseres. Det kan vel også stilles spørsmål om alle produsenter har fått med seg hvilke konsekvenser disse endringene vil ha for den enkelte.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Eg syner til mitt svar av 1. februar 2024 på spørsmål nr. 1022 frå representanten Terje Halleland og vil nok ein gong presisere at både endringa i regelverket og overgangsordninga vart gjort under Solberg-regjeringa medan Framstegspartiet var ein del av denne. Eg har ikkje gjort noko endring eller nytt vedtak i denne saka.
Som eg også har greidd ut om tidlegare, gjekk produksjonen av smågris over tid i ei retning der stadig fleire dreiv med sokalla eingongspurkeproduksjon, der purka vart slakta etter berre ei grising. Ein smågrisprodusent som dreiv tradisjonelt med to til tre grisingar per purke før ho vart slakta, kunne tilføre marknaden om lag 4 000 smågriser kvart år, mens ein eingongspurkeprodusent på si side kan levere so mange som 11 000–12 000 smågrisar kvart år. Denne forma for produksjon utgjorde utan tvil eit smotthol i regelverket og var i strid med føremålet med lova. Ein kan soleis ikkje samanlikna dette med nye kvotetak i mjølkeproduksjonen eller avviklinga av pelsdyrhald.
Regelverket vart difor endra med verknad frå 1. januar 2020. Eg gjentek at reglane ikkje vart gitt tilbakeverkande kraft. Eingongspurkeprodusentane fekk frå og med hausten 2019, etter søknad, høve til å vidareføre eingongspurkeproduksjon ut 2024. Eg meiner, på same måte som Solberg-regjeringa, at produsentane er tilstrekkeleg varetekne gjennom ei overgangsordning som strekk seg over fem år.
Eg deler i denne saka dei vurderingane som Solberg-regjeringa gjorde og ser det ikkje som naudsynt å endra på dette.