Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil statsråden gjere med at russiske statsborgarar med tilknyting til Putins regime eig hytter nært militære anlegg i Bardufoss, og var statsråden kjend med dette eigarskapet før han blei kjend med resultatet av TV2 si journalistiske verksemd rundt saka?
Begrunnelse
I ein artikkel frå TV2 6. april 2024 kjem det fram at russiske statsborgarar med tett forbindelsar til det russiske maktapparatet som blir leia av Vladimir Putin, eig hytter nært Bardufoss flystasjon, Hærens hovudkvarter og Forsvarets nasjonale landoperasjonssenter. Det gjeld mellom anna ordførar i Murmansk by for Putins parti Forent Russland og ein framståande regional politikar i Putins parti med tette band til militæret i Russland.
I Nasjonal trusselvurdering 2024 frå PST står det at Russland i 2024 vil «kjøpe eiendom som er strategisk plassert i forhold til norske militære installasjoner.» Ein tryggleiksekspert slår fast at de konkrete russarane som eig hytter nær dei militære anlegga i Bardufoss er aktørar som er lojale til Kreml og som gjer det den russiske leiinga vil.
Etter underteikna sitt skjønn må desse hyttene vere å rekna som «eiendom av sikkerhetsmessig betydning» og underteikna har vanskeleg for å sjå korleis det skal vere forsvarleg at dette blir eigd av russarar med kobling til det russiske regimet.