Ingrid Fiskaa (SV): Andøya flystasjon skal bestå som militær flystasjon, ifølgje regjeringas forslag til langtidsplan for forsvarssektoren.
Vil regjeringa då gjera om vedtaket om at Avinor skal overta drifta, slik at dei tilsette ikkje mistar jobben og pensjonen, og Forsvaret mistar verdifull kompetanse?
Begrunnelse
I juli 2022 vedtok regjeringa at Avinor skal overta drifta av Andøya flystasjon. 30 tilsette på brannstasjonen på Andøya flystasjon må etter denne planen levera oppseiing før 1. mai, og Avinor skal berre tilsetta 15 personar.
Ein militær flyplass har andre behov enn ein sivil flyplass. Personellet der må handtera gradert informasjon, militære fly og militært personell. Ein militær flyplass krev andre former for vakthald, sikring og støttefunksjonar. Brannstasjonen på Andøya handterer i dag heilt andre situasjonar enn eit sivilt mannskap vil kunna gjera.
Personellflukt er eit stort problem i Forsvaret, i ei tid der det uttalte målet er å styrka den nasjonale forsvarsevna. Å ta vare på den faglege kompetansen og dei som allereie arbeider i Forsvaret er avgjerande, også for å kunna rekruttera fleire. Forsvarsministeren har sjølv sagt at det er viktig å behalda den kompetansen som allereie er i Forsvaret.
No hastar det å ta vare på dei tilsette på Andøya flystasjon, før dei seier opp for å anten starta i Avinor eller gå over til andre avdelingar i Forsvaret slik at dei ikkje mistar pensjonen.